— Vi stemte ja til Vindafjord, slik vi stemte ja til Ølen i 1963 og ja til Rogaland i 1999, seier Torbjørg Signe og Bertel Skogen til Bergens Tidende.

Dei bur i vakre Vikebygd i Ålfjorden, enn så lenge i Ølen kommune, truleg Vindafjord kommune etter 1. januar 2006. Inntil 1964 var Austre og Vestre Vikebygd ein eigen kommune som fordelte seg på begge sider av fjorden. Vestsida gjekk til Sveio kommune, austsida til Ølen.

Ved folkerøystinga i 1999 var det Vikebygd-krinsen som sørgde for at Ølen skifta fylke frå Hordaland til Rogaland i fjor. Til sist stod det på 123 røyster. Gamleordførar Dominikus Bjordal bur i krinsen, det var han som sette flytteprosessen i gong.

I Vikebygd røysta 85 prosent ja og 15 prosent nei til fylkesskiftet, minner Ølens varaordførar Ståle Jordal om. Han representerer Vikebygd bygdeliste, og nektar attval dersom ikkje kommunesamanslåinga blir noko av.

Røysta ja

I går kom vikebygdarane jamnt og trutt til forsamlingshuset for å røysta ja til at Ølen og Vindafjord kommune skal bli eitt. Medan Bergens Tidende lodda stemninga ved vallokalet var det iallfall langt mellom motstandarane.

— Når vi stemmer ja, har det først og fremst med skulen i Vikebygd å gjera. Det er for gale dersom skulen skal leggjast ned, slik det har vore drøfta i Ølen kommune, seier Torbjørg Signe Skogen. Ho har vore aktiv politikar i Ølen for bygdelista i Vikebygd.

— Vi kan gjerne ta med oss Tysvær óg når vi først skal slå saman kommunar, meiner ho.

— Det er sjeldan vi er i Ølen, der betalar vi helst berre skatten vår. Kontakten går mot Skjold i Vindafjord og mot Haugesund, seier den pensjonerte lastebilsjåføren Bertel Skogen.

— Eg stemte ja. Det er betre å vera stor enn liten, og det er pengar å spara på administrasjonen, seier Steinar Sjo (57).

FLYTTAR GRENSER: Bertel og Torbjørg Signe Skogen røysta som dei fleste i Vikebygd i går ja til samanslåing av Ølen og Vindafjord kommunar. I 1964 gjekk Vikebygd inn i Ølen kommune, som i fjor blei rogalandskommune.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR