Flagget hang på halv stong ved Bygdahallen like nedanfor Vikebygd skule på Nå, der dei to omkomne, Johannes Reiseter (20) og Jørgen Hatlen (18) hadde sine første skuleår. I Bygdahallen samlast bygdefolket i går ettermiddag, i sorg og i medkjensle med dei pårørande.

— Fin minnestund

Ordførar Solfrid Borge gav uttrykk for den sorga og maktesløysa som heile Ullensvang føler etter den tragiske ulykka.

Ho orienterte også om den hjelpa kommunen har ytt, og som ein framleis vil yta, til dei som føler at dei treng det i dagane som kjem.

— Det vart ei fin minnestund, seier soknepresten i Ullensvang, Njål Engmark, til Bergens Tidende. Han heldt andakt i Bygdahallen på Nå i går.

Gunn Gravdal (song) og Ove Danielsen (piano) frå Odda sytte for musikalske innslag.

Lensmannen i Jondal, Øystein Torsnes, orienterte om korleis ulykka bar til, både under minnestunda på Nå og ute på ulykkesstaden lengst nord i Grimo-grenda, nokre kilometer frå Utne. Det er Jondal-lensmannen som har leia politiet sitt arbeid i denne delen av Hordaland i helga.

Ikkje kappkøyring

Lensmannen tok fatt i spekulasjonar han har høyrt, om at ulykkesbilen skulle ha vore innblanda i kappkøyring. Dette kunne han kategorisk avvisa.

— Vi etterforskar ikkje saka etter eit slikt spor. Det er viktig at feilaktige rykte ikkje får spreia seg, sa Torsnes.

Den einaste bilen i nærleiken var ein bil som vart forbikøyrd like før svingen. I den bilen var to menn tidleg i 20-åra frå Jondal, ein av dei no busett i Bergen. Dei kom først til ulykkesstaden.

— Desse to karane gjorde ein livsviktig innsats, i dobbel forstand, seier lensmannen.

Før flammane tok overhand, greidde dei å få fire personar ut av vraket. Diverre var ein av dei død. Dei tre andre var skadde, men greidde å stå på eigne bein. Femtemann i bilen sat fastklemt, og vart teken hand om av redningsfolk som kom til.

— Alle som deltok i redningsarbeidet gjorde ein flott jobb. Men dei fekk ei oppleving som sit hard i. Også dei har ein tung dag, seier lensmann Torsnes.

Markering på skular i dag

Ordførar Solfrid Borge opplyser at det skal haldast møte i det kommunale kriseteamet i Ullensvang i dag. Dei skal vurdera ytterlegare tiltak i dagane som kjem. Ordføraren leia sjølv arbeidet som vart sett i verk i helga.

— Det viktige er å ta vare på innbyggarane i ei slik vond og vanskeleg tid, seier ho til Bergens Tidende.

Borge har eit klart inntrykk av at tiltak som samlinga i samfunnshuset på Hauso laurdag og minnestunda i Bygdahallen på Nå i går, vart sett pris på av bygdefolket.

Dei to omkomne var ferdige med den teoretiske opplæringa ved Odda vidaregåande skule. Ein av dei var komen i lære, den andre venta på lærlingplass. To av dei som overlevde ulykka, var også frå Ullensvang, den tredje frå Odda.

På Vikebygd skule skal flagget vaia på halv stong i dag, og skuledagen opnar med minnestund for dei tidlegare elevane, opplyser rektor Kåre Grønsnes til Bergens Tidende. Resten av skuledagen er sett av til markering av FN-dagen. I det høvet ventar dei besøk frå asylmottaket i Kinsarvik. Også på Hauso ungdomsskule vert det i dag ei minnemarkering for dei tidlegare elevane.