Personell Net AS i Bergen tilsette for fire år sidan sin første sjukepleiar. Dei var blant dei første norske selskapa som leigde ut helsepersonell, etter at svenske og danske selskap hadde vore aleine på marknaden ei tid.

Drifta la fort på seg: I 2002 omsette Personell Net AS for 688.000 kroner, to år seinare var dei oppe i 10,3 millionar kroner og 25 fulle stillingar. På kundelista stod både kommunar, sjukeheimar, sjukehus og privatkundar.

Skuldar millionbeløp

Fortenesta var ikkje like god: Reknskapane dei siste tre åra har alle vist raude tal på botnlina — i 2002 var underskotet på 100.000 kroner.

I februar gjekk selskapet konkurs, etter at kemneren i Bergen hadde tatt det til skifteretten. Årsaka var eit skattekrav på vel 800.000 kroner. Også Fana Sparebank har meldt eit krav på 244.000 kroner. I tillegg kjem feriepengar for 75 vikarar, opplyser bustyrar Jan Haakon Rasmussen.

Kemneren har også meldt leiinga i selskapet til politiet, fordi skatten frå dei tilsette ikkje har vorte plassert på eigen konto, slik lova krev. Kontrollen frå kemneren avdekte at det mangla 790.000 kroner i skattar og avgifter.

Også i 2000, 2001 og 2002 kommenterte selskapets revisor i årsmeldinga at skattetrekket ikkje var sett inn på eigen konto.

— Det er lite å hente i buet, bortsett frå ei pantsett tomt. Drifta i selskapet tok slutt i desember 2003, seier bustyrar Rasmussen.

- Vi satsa for stort

Dagleg leiar Jan Fjelltvedt i Personell Net AS seier at det var den skjerpa konkurransen i vikarmarknaden som knekte selskapet.

— Vi satsa litt for stort, med for tung administrasjon. Samtidig vart vi for små til å vinne dei store anboda på sjukehusa, i konkurranse med dei store vikarselskapa. Det har pågått ein priskrig i det siste, seier Fjelltvedt.

På det meste hadde selskapet meir enn 50 vikarar utleigd til sjukehus og sjukeheimar landet over, dei aller fleste sjukepleiarar.

— I 2003 vart omsetjinga vår halvert, samtidig som vi hadde dårleg likviditet, seier Fjelltvedt.

Mangel på pengar i selskapet får også skulda for at skatt og ulike offentlege avgifter ikkje er betalt.

— Eg har mottatt eit krav frå kemneren der han seier at saka kan bli meldt til politiet. Eg har ikkje mottatt noko brev frå politiet om at dette er gjort, seier Fjelltvedt.