Riksveg 13 over Vikafjellet er framleis stengt.

I natt og i dag har det kome mange sørpeskred i stigninga opp mot Storhaugtunnelen.

Medan folk frå Vegvesenet og Mesta var på Vikafjellet i dag for å sjå på tilhøva, kom det fleire nye småskred.

Dei bestemte då å stenge fjellet.

— Før vi kan opne vegen må vi gjere ei ny vurdering av kor mykje snø som har kome ned, og om det ligg meir igjen oppe i fjellsida. Dette vert gjort i morgon. Det er ikkje så mykje snø på Vikafjellet i år som det plar vera, men det er rikeleg, seier Per Ove Fossheim i Statens vegvesen.

Det har i år vore færre stengingar av Vikafjellet enn normalt.

Fylkesveg 337 mot Veitastrond er og stengt. Der gjekk det eit ras ved Bjødnabakken natt til måndag. Den vegen vert heller ikkje opna i dag.