Brukte brakkeseksjonar er kjøpt inn og sett saman inne på området som snart skal gjerdast inne på fengselsvis.

Brakka har gitt fengselet stort og teneleg arbeidsrom/verkstad. Men her står også fire soverom klare, pluss eit opphaldsrom og to baderom med både dusj og toalett. Reine luksusen samanlikna med fengselsbygningen, der 14 innsette på 12 celler har eitt toalett og to dusjar på deling. Dei innsette har gjort mykje av arbeidet.

Køysenger

— Det einaste som manglar er litt inventar, seier Roy Stadheim til Bergens Tidende. Han er leiar av Norsk Fengselsforening (NFF) si avdeling i Vik. Dei har sett inn ei seng på kvart av dei fire romma.

— Men her er det snakk om frigang og open soning. Det er fullt akseptabelt med køysenger, og to mann på kvart rom, påpeikar han.

— Det manglar også tilsette til å passa på dei, skyt fungerande fengselsinspektør Egil Rune Andersen inn, men har løysinga på reide hand:

— Vi har så mange dyktige vikarar i nabolaget at vi kan starta med ein gong, medan tilsettingsprosedyren for nye fast tilsette går sin gang.

Underbemanna

Fengselet i Vik har lenge vore underbemanna. Dei har færre tilsette og fleire innsette enn til dømes Molde fengsel. Til ei ny avdeling i brakka må staben utvidast med to mann. Driftskostnadane er rekna til 800.000 kroner.

— Dei som seier at dette er dyrt, gløymer at dei innsette jobbar inn att nesten halvparten til fordel for staten, seier Stadheim.

Meiningsfylt arbeid på gard, kontor eller i industrien er kjærkomen avveksling for innsette på «Vikjahuset»,

Ordførar Erling Stadheim kan ikkje forstå anna enn at Kriminalomsorga må slå kjapt til på tilbodet frå dei tillitsvalde i Vik.

— Eg kan forstå at det var ein del skepsis så lenge Vik fengsel si framtid var uviss. Men no har to regjeringar, av ulik politisk farge, sagt nei til nedlegging, understrekar han.

Også NFF sentralt støttar tiltaket.

— Eit fornuftig og godt forslag i ei tid med veksande soningskøar, seier forbundsleiar Roar Øvrebø til Bergens Tidende.

— Vi har fangar nok, men manglar sikkert pengar på budsjettet. Politikarane krev strengare straffer, med følgjer ikkje opp med pengar som samsvarar med kriminalitetsutviklinga og straffevolumet, seier Øvrebø.