— Slik soningssituasjonen stadig forverrar seg, er det aktuelt å ta fram att opprustingsplanane som vart utarbeidd medan namnet framleis var Vik hjelpefengsel, seier Kjell Bergfjord til Bergens Tidende.

Han er kommunal sakshandsamar, og dessutan lokalhistorikar med god greie på historikken for fengselet frå 1867.

Bergens Tidende melde før helga at tillitsvalde ved fengselet ivrar for å plassera inntil åtte «snille» fangar i fire flunkande nye rom i ei brakke på fengselsområdet. Om styresmaktene vil, kan fangane flytta inn straks.

Litt meir tid trengst nok for å gjennomføra planane som Bergfjord har på pulten sin.

Oppskrifta er å omdisponera rom i eksisterande bygning og reisa eit nytt mellombygg på 145 kvadratmeter. Då kan talet på lukka celler aukast frå 12 til 20. Samstundes får ein undervisningsrom, verkstadlokale, delvis overdekka arbeidsplass ute, husvaskeri, betre kontor, opphaldsrom og besøksrom, trimrom og betre sanitærstandard.

— Med omtanke og pietet, kan ein likevel halda på dei kulturhistoriske verdiane i bygningen, seier Bergfjord.

Kostnaden var rekna til vel 5,3 millionar 1998-kroner.

Ordførar Erling Stadheim kan forstå departemental skepsis så lenge fengselet i Vik var nedleggingstruga. Men no har to regjeringar sagt at fengselet er levedyktig. Dermed er det aktuelt med modernisering.

Rehabilitering

Små fengsel kan lettare nå måla når ein legg vekt på at dei innsette skal rehabiliterast for å koma attende til samfunnet.

— Vik har hatt fengsel i bygda sidan 1867, og har tradisjon for å ta vel imot dei som kjem til bygda i såpass trasig ærend, fortel lokalhistorikaren Kjell Bergfjord til Bergens Tidende.

Dei innsette får arbeid på gardane, på kontor og i industrien. Det skal løna seg å arbeida framfor å la vera, så litt lommepengar får dei innsette behalda av løna. Men det viktigaste er å ha noko meiningsfullt å gjera under opphaldet, og rehabilitera seg til å møta samfunnet på nytt.

— Pallespikringa er no overlate til yrkesvalhemma på ei verna bedrift, og utlendingar plukkar bringebær. Bærplukking har lenge vore lite populært blant norsk ungdom, også innsette. Men elles er arbeidsoppgåvene greie og varierte, seier Bergfjord.

Som så mangt anna i fylket, kom fengselet til Vik etter eit kompromissframlegg. To større kommuner kjempa om desse arbeidsplassane så hardt at ingen av dei vann. Fengsla i Ålesund og Molde vart bygde på same tida, etter same leisten, men midt i bykjernene.

KLENODIUM: Eit glytt inn i ei celle. Dørene går feil veg etter brannforskriftene, og skal no skiftast, omsider. Jungeltelegrafen har gått, og lensmannsbetjentar er blant bodgjevarane på gamle celledører.
Foto: Arne Hofseth