Dette synest klårt etter ein vinter med i alt 128 timar stenging og 576 timar med kolonnekøyring i perioden november til og med mars.

Statistikken er den tredje beste for Rv. 7 over Hardangervidda etter at brøytinga vart teken opp att permanent frå vinteren 1985-86.

— Fram til og med 2005-06 skal vi ikkje diskutera for eller imot brøyting av Rv. 7. Vegen skal brøytast, seier vegsjefen i Hordaland, Ole Chr. Torpp, til Bergens Tidende. Torpp opplyser at det er semje mellom Statens vegvesen og Direktoratet for Naturforvalting om dette.

DN vil stengja

I statsbudsjettet sist haust vart det slått fast at Rv. 7 over Hardangervidda skulle brøytast også denne vinteren, samstundes som Vegdirektoratet og DN skulle arbeida vidare med å avklåra stoda til villreinen.

Direktoratet for Naturforvalting har i fleire år alt gått sterkt inn for at Hardangervidda må vinterstengjast, fordi Rv. 7 hindrar villreinen i å vandra fritt mellom sørvidda og nordvidda.

Mange lokal kjentfolk meiner reinen kryssar vegen utan vanskar, også når han er brøytt.

— Ingen kommentar, seier Johan Danielsen i DN når vi bed om å få stadfesta semja mellom DN og Vegdirektoratet.

— Det pågår eit samarbeid mellom oss og Statens vegvesen. Ut over det har vi gjort det heilt klårt kva vi meiner om brøyting av vegen over Hardangervidda, men Stortinget har sagt sitt. Snakk heller med Solberg i Vegdirektoratet, seier Danielsen til BT.

Tungt forskingsprogram

— Eg har nettopp hatt eit møte med Johan Danielsen frå Direktoratet for Naturforvalting. Temaet var eit tungt forskingsprogram over fire år, der også Norsk Institutt for Naturforsking skal delta. Ein viktig del av denne forskinga er radiomerking av rein, med det mål å finna ut kvar reinen går og kva ruter han vel. Ein annan del av oppdraget vårt er å finna kriterier for mellombels stenging av Rv. 7 dersom det vert alvorleg for reinen.

— Når dette forskingsprogrammet er over, vil vi på ny ta stilling til spørsmålet om permanent vinterstenging eller ikkje, seier Kjell Solberg.

Han legg til at Stortinget sjølvsagt, om det vil, kan vedta å vinterstengja Rv. 7 uten å ta omsyn til noko av dette.