Hordaland fylkeskommune si opplæringsavdeling er tidleg ute med karakterstatistikken for dei som i vår la bak seg tre års vidaregåande utdanning. Karakterane for dei enkelte skulane blir offentleggjort seinare. Landsgjennomsnitta er heller ikkje klare.

Fylkesopplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld er godt nøgd med årets avgangselevar blant i alt 17.000 gutar og jenter ved på Hordalands 49 vidaregåande skular.

— Det er forbausande stabile tal i forhold til tidlegare år. Vi er godt nøgde med resultata, seier Fjeld. Og meiner å kunna lesa ein positiv trend ut frå ein svak auke dei siste åra i gjennomsnittskarakteren ved eksamen frå 3,39 i 2000 til 3,45 i 2003.

— Kanskje er det ei ønskje- og truforklaring, men det kan synast som om vi har fått ei meir moderne og tilpassa undervisning, slik at vi betre treff den einskilde elev sin læringsstil. Vi er blitt flinkare reint pedagogisk, seier Svein-Erik Fjeld.

Jentene best

Framleis får jentene dei beste karakterane, i samtlege fag, både i standpunkt og til eksamen. I vår fekk Hordaland-jentene 3,98 i gjennomsnitts standpunktkarakter for alle fag. Tilsvarande tal for gutane var 3,73.

Til eksamen oppnådde gutane 3,33 i snittkarakter, jentene 3,56.

Spesialkonsulent Svein Kirkevik på opplæringsavdelinga har som statistikkgrunnlag valt ut seks fag på allmennfagleg studieretning. Her kjem kjemi ut med beste snittkarakter på 4,05 i standpunkt og 3,84 til eksamen.

Norsk hovudmål-karakteren er 3,07 til eksamen og 3,69 i standpunkt, sidemål er 3,09 til eksamen og 3,54 i standpunkt. Snittkarakteren i matematikk er 3,72 som standpunkt og 3,65 til eksamen, i biologi 3,34 til eksamen og 3,62 som standpunkt. I engelsk er snittet 3,24 til eksamen og 3,80 i standpunkt.

Av nærmare 140.000 karakterar er det 5138 seksarar og 82 stryk.