Etter mål av Gisle Myhre og Sveinung Fransen for gjestene, såg det stygt ut for Voss sitt juniorlag for herrar i cupkampen på kunstgraset i Preste-gardsmoen. Ved pause leia Tornado/Måløy 2-0.

Det kunne lett blitt tre baklengs etter ei uvøren takling i feltet tidleg i andre omgang. Men vossingane slapp med skrekken, og bråsnudde kampen då Ørjan Midtun scora på det neste åtaket. Mot slutten av kampen vart fine kombinasjonar avslutta elegant av Magnus Haukeland, som dermed sytte for ekstraomgang.

Malvin Gjerde vart matchvinnar med sin golden goal, som sende Torna-do/Måløy ut av cupen med 3-2.

ARNE HOFSETH
ARNE HOFSETH