Senterpartiet slåst kvar einaste dag for å spreie denne makta. Senterpartiet vil ha tak på kor mange statlege arbeidsplassar ein skal ha i Oslo. Vi vil at Vestlandet og Hordaland skal få langt fleire statlege kompetansearbeidsplassar enn tilfelle er i dag.

KUNNSKAP ER MAKT. Senterpartiet vil sikre Hordaland som verdiskapingsfylke. Universitetet i Bergen og Høgskulane må få gode rammevilkår. Grunnskulen må sikrast fleire lærarar, med høg kompetanse, og meir praktiske fag må inn i skulen. Vestlandet har eit rikt næringsliv og stort behov for lærlingar. Senterpartiet går til val på å styrkje lærlingordninga.

Ein meir samla landsdel med betre kommunikasjonar vil gje større slagkraft. Senterpartiet vil satse tungt på samferdsle på Vestlandet. Vi er stolte over å ha lagt fram ein ambisiøs Nasjonal transportplan for Vestlandet sin del. Ferjefri kyststamveg og opprusting av Bergensbana, som vil bli dei neste store satsingane.

ENERGI ER MAKT, og ein stor del av energiressursane ligg på Vestlandet. Olje— og gassressursar skaper store verdiar på Vestlandet. Testanlegget på Mongstad vil verkeleg setje Hordaland på kartet. Senterpartiet vil utvikle ein ny industri knytt til fornybar energi. Avtalen om grøne sertifikat er eit viktig steg på vegen. Målet er 40.000 nye arbeidsplassar. Ein stor del av desse vil kome på Vestlandet og i Hordaland. Vi vil også sikre konkurransevilkåra for den kraftkrevjande industrien.

VESTLANDSJORDBRUKET står under press. Det er ei viktig næring, som sikrar matproduksjon og som gir vakre kulturlandskap – som reiselivsnæringa lever av. Senterpartiet vil styrkje vestlandslandbruket.

Vestlendingane har tidlegare fått mindre sjukehusmidlar enn folk andre stader. Dette har Sp i regjering vore med å retta opp i. Vi skal halde fram å setje skeivdeling innan helse på kartet. Midlar til spesielle storbyutfordringar skal ikkje gjelde berre for Oslo.

DET ER TO TING som skal til for å løfte Vestlandet opp og fram: – at vestlendingane greier å stå samla og snakke med ei stemme, – og eit sterkt Senterparti i regjering. Moglegheitene er store – og Senterpartiet skal vere med å løfte Vestlandet.

Kommentarer til innlegget? Del dem med leserne her.