«Er du snikbergenser?» stod det i brevet frå Kemneren i Bergen. Kristine Vethe Burud frå Voss følte seg treft.

Ho hadde nettopp begynt i ny jobb i Forsvaret i Bergen, og ville slett ikkje kome på kant med kemneren. Derfor melde 27-åringen flytting til Bergen.

— Etterpå spurde eg meg sjølv: Blir eg bergensar no? Det kjendest litt rart. Eg kjem alltid til å vere vossing, uansett kor eg bur, seier Burud.

**Les også:

Snart 500.000 hordalendingar**

900 nye skattebetalarar

Ho er ein av 8772 personar som melde flytting til Bergen i 2009. Same år flytta 7867 ut av kommunen.

Bergen fekk dermed ei innanlands nettoinnflytting på 905 personar. Ingen andre kommunar fekk fleire, viser den nye befolkningsstatistikken frå SSB.

I den andre enden ligg Oslo. Hovudstaden fekk 620 færre innbyggjarar i fjor, og enda dermed med størst innanlands nettoutflytting.

Kontrollsjefen hos Kemneren i Bergen er ikkje i tvil om at «Unngå å bli snikbergenser»-kampanjen har mykje av æra for dei nye skattebetalarane i Bergen.

— Alt tyder på det, seier Christine Due Sivertsen.

— Vi har hatt slike kampanjar før med positivt resultat. Innimellom blir vi nøydde til å gjere sånt, for å minne folk på å registrere seg i rett kommune.

I fjor sende Kemneren i Bergen brev til over 30.000 personar med tilknyting til bergensbaserte arbeidsgjevarar. Også nettsida snikbergenser.no vart oppretta.

Se hvor mange som flyttet til din kommune

Voss gjekk i minus

Målet var å oppspore folk med fast bustadadresse i Bergen som etter lova pliktar å melde flytting. Nær 800 av dei som melde frå om adresseforandring i fjor kom frå Oslo.

— For studentar, som tek til å jobbe etter at dei er ferdige med å studere, kan det for eksempel vere lett å gløyme å melde flytting, seier kontrollsjefen.

Brevet frå kemneren gjorde inntrykk også på Veslemøy Vinje. I januar melde ho formelt overgang frå vossing til bergensar. Og ja, det sleit litt i røtene.

— Men det går greitt. Eg skal heim att, når eg blir stor, seier den 28 år gamle rekneskapsføraren.

Voss fekk eit nettounderskot på 124 personar i 2009. På lista over kommunar med lågast nettoinnflytting deler Voss 5.-plassen med Alta og Harstad.

Vossaordføraren er overraska.

  • Eg som tenkte at vi var ein kommune i vekst. Dette må vi sjå på, seier Gunn Berit Lunde Aarvik.

Manglar interessante jobbar

Dei fleste flytte frå Voss til Bergen, viser SSB-statistikken. Juristen Burud ser ikkje for seg at ho kjem til å flytte den andre vegen igjen.

— Voss er ei flott bygd, og ein god plass å etablere seg med familie. Men eg ser ikkje at det finst relevante og interessante jobbar for meg der.

Ordføraren seier at Voss må prøve å leggje til rette for å behalde ungdommen.

  • Men det er ikkje så lett. Voss har ikkje høgskuleutdanning, og dei unge må ut av bygda for å utdanne seg.
  • Trikset er å få dei heim att etterpå?
  • Ja! Og reisetida på Bergensbana mellom Voss og Bergen ned, seier ordføraren.

Kvifor flyttar så mange til Bergen? Diskutér saka

INGEN BETRE: «Unngå å bli snikbergenser»-kampanjen har truleg mykje av æra for at Bergen er den kommunen i landet med størst nettoinnflytting i fjor.
Fred Ivar Utsi Klemetsen