LES OGSÅ:

Forvaltingssystema som er utvikla for andre område, vil ikkje vere tilstrekkelege i Arktis. Krav til skip og installasjonar for ressursutvinning i Arktis må bli langt strengare enn i andre område. Ein må også vurdera konsesjonssystem eller andre ordningar som sikrar at berre ansvarsmedvitne og kompetente aktørar slepp til i dette sårbare området.

Olje, metall, genteknologi

Arktis er venta å innehalde nær 25 prosent av dei attverande petroleumsressursane i verda som enno ikkje er oppdaga. Store metallressursar er alt oppdaga på havbotnen i norsk sone. Her finst «hydrotermale kjelder», der vatn treng fleire kilometer ned i undergrunnen og bringer med seg mineral og metall — særleg kopar.

Dei skaper også grunnlag for livsformer som eksisterer utan tilgang til sollys. Ved at dei lever i ekstreme miljø, kan dei ha eigenskapar som kan vere av stor interesse for utvikling av nye genteknologiske produkt.

Turisme og skipsfart må også skje på ein måte som ikkje skader dei sårbare økosystema i Arktis.

Makrell, torsk

Fiskeressursane i Arktis veks, og vandrande fiskeartar utviklar nye vandringsmønster. Makrellen som tidlegare fanst i norsk sone og i EU-sona, har dei siste åra vakse sterkt og har vandra inn i færøysk og islandsk sone. Også den norsk-russiske torskestamma i Barentshavet er i ferd med å spreie seg over eit større område. Nye fiskeartar er på veg inn i arktiske område eller kan ventast om relativt kort tid.

Mat og karbonlagring

Vi kan stå overfor ein situasjon der vi må seie nei til utvinning av økonomisk verdfulle ressursar av omsyn til dei biologiske ressursane. Forvalting av fiskeressursar som kryssar ulike lands soner, krev nye samarbeidsformer mellom fleire statar. Det norsk-russiske samarbeidet om torskestamma har vore vellukka, men må truleg snart omfatte fleire statar. Forvaltinga av makrellstamma er ikkje lenger ei sak berre mellom Noreg og EU. Det har allereie skapt konflikt mellom EU og Færøyane.

Med eit godt forvaltingssystem kan Arktis bli eit viktig område for matproduksjon og kanskje for karbonlagring.