47 skilt viser veg til Drammen, 44 til Stockholm, 38 skilt til Trondheim, og 29 til Göteborg.Gjøvik, Moss, Helsingborg, Frederikshavn, Hirtshals og Kiel har eigne skilt i Oslo. Men ingen vegskilt viser vegen til Bergen frå Oslo. Heller ikkje til Stavanger.— Dette må vi sjå nærare på. Ikkje berre i forhold til Bergen, men heile Vestlandet. Som leiar for samarbeidsrådet for Sør- og Vestlandet, vil eg ta dette opp straks eg er tilbake frå ferie, seier fylkesordførar i Hordaland Gisle Handeland. Han var politisk rådgjevar for samferdsleminister Opseth då saka om stamvegen Bergen-Oslo vart lagt fram og vedteken i Stortinget.- For meg som bergensar er det kanskje litt sårt at skilta ikkje viser veg til Bergen når vi skilter til Stockholm og Göteborg, seier vegsjefen i Oslo, Sidsel Sandelien.- Vi fylgjer reglane i skiltnormalen. Systemet er logisk sjølv om folk ikkje alltid opplev det slik. Stamvegen E 16 startar i Sandvika, og det er der skilta til Bergen skal starte. Ut frå Oslo går E 18, og den går til Stavanger.- Heller ikkje Stavanger er skilta?- Nei, det er Kristiansand som er eit sentralt delmål fordi der er ei av dei viktigaste ferjene mellom Noreg og kontinentet. Problema er alle dei viktige stadene og knutepunkta mellom ytterpunkta. Det er meir enn nok skilt ved Bjørvika i Oslo, seier vegsjefen i Oslo til BT.- Stamvegen Bergen-Oslo startar i Sandvika, kommunesenteret i Bærum. Der skulle det ha stått skilt. Det vil eg ta opp med vegsjefen i Akershus ved første høve, seier ho.- Det seier seg sjølv at Bergen skulle ha vore skilta, seier askøyværingen Oddvar Nilsen, leiar for Stortinget sin Samferdslekomite.