— Vi er ikkje sikre på at det er eit hi, men aktiviteten i området rundt påsketider var så stor at vi har ein sterk mistanke om det, seier Lars Nesse i sankelaget til Bergens Tidende.

Det var i april det blei funne spor som tyder på at ei ynglande tispe held til i Lærdalsfjella. Ferske spor, holer innover i ei ur og funn av ekskrement gjer at sauebøndene fryktar eit hi skjuler seg i området. Hiet skal liggje i kring 1100 meter høgde, men Nesse vil ikkje seie nærare kvar jervespora blei oppdaga.

Det er samla inn ekskrement frå området. Gjennom analysar av denne kan det bestemmast om det har skjedd yngling.

Omstridd

Jervejakta i fjellområda i Indre Sogn har vore sterkt omstridd. Sterkast blei reaksjonane då Statens Naturoppsyn (SNO) i fjor vår gjorde fleire mislukka forsøk på å ta livet av jervane i eit hi i Lustrafjella. Etter ein fjorten dagar lang jaktperiode skaut ein jeger frå oppsynet til slutt mora då ho saman med ungane kom ut av hiet. Dei to ungane var derimot for raske for skyttarane og smatt inn att i hiet. Først dagen etter greidde jegerane å avlive ungane.

I ettertid måtte SNO vedgå at alt ikkje gjekk etter planen, og tole hard kritikk frå både Naturvernforbundet og Foreningen Våre Rovdyr. Dei karakteriserte jakta som bestialsk.

Prøvestein

Søknaden kan bli ein prøvestein for den nye jerveforvaltninga som tok til å gjelde frå 1. april. Då blei kjerneområdet for jerv oppheva i Sør-Norge. Fylke på Vestlandet som kan ha eigna område for rovdyret, må ta omsyn til dette og innpasse jerven i sine fylkesvise forvaltningsplaner for store rovdyr.

Samstundes sa miljøvernminister Børge Brende at jervetisper som har para seg og ligg i hi, skal få vere i fred. Og i eit brev til Direktoratet for naturforvaltning (DN) har Brende skjerpa inn forsiktigheitsprinsippet for ynglande tisper:

— Målet er å etablere minst 10-15 årlege ynglingar i Sør-Norge. Til vi når dette talet, bør det visast stor varsemd med felling av jervetisper som ligg i hi, var signalet frå Brende til DN og fylkesmennene i jerveområda.

— Eg trur nok det kan bli ein heit diskusjon om denne søknaden. Vi håpar Direktoratet ser på tapsomfanget når dei tek stilling til søknaden, seier Nesse.

Fryktar store sauetap

Frykt for nye store tap av sau og lam på fjellbeite gjer at Lærdal Sankelag vil ta livet av jervane i hiet. Dei siste åra har mange sauebønder opplevd store tap.

— Dersom det skulle vise seg å vere ei ynglande jervetispe i området, ventar vi store skader også kommande sommar, seier Lars Nesse i sankelaget.

Yngleregistrering av jerv i Norge i 2001 viser at det har skjedd yngling på 11 lokalitetar i Sør-Norge og 31 frå Sør-Trøndelag og nordover. I ein rapport som kom i vinter meiner Direktoratet for Naturforvaltning at den norske jervebestanden består av kring 270 individ.

NY JAKT? Lars Nesse og Lærdal Sankelag vil ha ny jervejakt. Her viser Nesse fram hannjerven som blei skoten i Lærdalsfjella i februar i fjor. Då var det 16 år sidan sist det blei skote jerv i Sogn og Fjordane.
ARKIVFOTO: JENS HAUGE