I år vil bilistar leggja att over ein milliard kroner i Hordalands bomanlegg, etter at teljeapparata i fjor stoppa på vel 850 millionar. Kvart sekund tikka det inn 27 kroner på kontoen til eitt eller anna bomselskap i fylket.

Medan den blå regjeringa har vedteke å leggja ned den einaste bomstasjonen i Sogn og Fjordane — Fv55 Fatlatunnelen mellom Leikanger og Sogndal - frå 31.januar i år ved å sanera prosjektet si restgjeld på 60 millionar kroner, poppar det opp stadig nye bomanlegg i Hordaland. Nye bomstasjonar er planlagt i Odda, Stord, på den nye Sotrabrua og på den planlagte E39 Rådal-Os.

- Er imot, men...

— Vi er generelt imot, men aksepterer bompengar som eit middel for å finansiera viktige vegprosjekt dersom midla blir øyremerkt konkrete prosjekt, seier Giske Eggen, dagleg leiar i Norges Automobilforbund (NAF) avdeling Bergen og Omegn.

Eggen avviser at bilistorganisasjonen stillteiande godtek aukande bompengetakstar og innkrevjingspunkt, og viser til at NAF har laga ein alternativ modell for organisering og finansiering av norsk vegbygging.

— Vi har ikkje resignert i forhold til bompengeproblematikken, og aksepterer for eksempel ikkje bruk av bompengar for å avgrensa trafikk inn mot sentrum. Men så lenge Noreg finansierer vegbygging og vedlikehald over det årlege statsbudsjettet, vil vi aldri komma i mål med naudsynt utbygging utan bompengar, seier Giske Eggen.

Inntektsbyks i Bergen

Ein solid avgiftsauke 1.juli gav Bomringen i Bergen i fjor eit inntektsbyks på vel 180 millionar kroner i forhold til 2012, sjølv om talet på passeringar gjekk tilbake. Bomringens 14 stasjonar står for godt over halvparten av Hordalands bompengeinntekter, viser tal frå driftsselskapa Vegamot og B&T Signaal (tidlegare Bro- og Tunnelselskapet).

I Hordaland blei i 2013 eitt stort bompengeprosjekt nedbetalt

— Trekantsambandet i Sunnhordland - og eitt nytt kom til; Hardangerbrua. Rekordbrua til 2,3 milliardar kroner blei forseinka og kunne opnast først 17.august, dermed gjekk prosjektet glipp av den store sommartrafikken. I tillegg gjorde vêrproblem på Hardangervidda at mange valde bort Rv7 og brua som aust-vest-samband i slutten av desember.

Svikt i Hardanger

Styreleiar Einar Lutro i Hardangerbrua AS må konstatera at trafikken på brua fram til årsskiftet svikta med 12 prosent i høve til prognosen på 1600 køyretøy i snitt per døger. Gjennomsnittet i det første, amputerte driftsåret blei 1406 bilar.

Brua over Eidfjorden har likevel vist at ferja var ein trafikkdempar. I tilsvarande periode som Hardangerbrua var open i fjor, frakta Bruravik-Brimnes-ferja i 2012 knapt 110.000 bilar. Brua tok unna vel 80.000 fleire.

— Det gjeld å ha litt is i magen og sjå trafikkutviklinga over tid. Det trengst minimum eitt år for å få med alle sesongvariasjonane, seier Magnar Lussand, nestleiar i bruselskapet sitt styre.

Det er også klart at Hardangerbrua har stole trafikk frå ferjesambandet Kvanndal-Utne-Kinsarvik. Der var trafikken frå og med august i fjor mellom 30 og 40 prosent lågare enn året før, melder avisa Hordaland. I tillegg til brua har Jondalstunnelen og den lenge rasstengte Rv7 Tokagjelet ved Norheimsund påverka ferjetrafikken.

Bomavgift på ferjer

Bilistar i Hordaland blir avkrevd bomavgift ikkje berre på landevegen. Også på fem ferjestrekningar i fylket blir billettprisen påplussa avgifter som skal finansiera nye vegprosjekt.

På E39-sambandet Halhjem-Sandvikvåg skal 14 kroner på ferjebilletten (liten bil) - over 20 millionar i året - gå til opprusting av fylkesveg 545 på vestsida av Stord gjennom Fitjar. AS Austevoll Bruselskap får 58 kroner av billettprisen i sambanda Krokeide-Hufthamar og Husavik-Sandvikvåg. I 2013 gav det ei bominntekt på 16,3 millionar kroner, ein halv million meir enn året før.

Ferjekaien på Årsnes i Kvinnherad er delfinansiert med ei bompengeavgift på 21 kroner i sambandet Årsnes-Varaldsøy-Gjermundshamn. Ferjeruta Buavåg-Langevåg på Søre Bømlo er ein del av bompengeringen Bomlopakken, og 23 kroner blir der plussa på ferjetaksten.

I Sogn og Fjordane er det innkrevjing av bompengar på ferja Opedal-Lavik til finansiering av ny E39 Teigen-Bogen, og i Rogaland skal det over tre år skaffast 260 millionar kroner i førehandsbompengar på ferja Mortavika-Arsvågen til prosjektering av det gigantiske tunnelprosjektet Rogfast.

Når er rett å krevje bompengar?

LUKRATIVE BLINK: I gjennomsnitt blinka det to gonger i sekundet i Bergen og Hordaland sine bompengeanlegg i fjor.
Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)