Den 52 år gamle kommuneveterinæren kan meir enn å kartleggja bakterienivå i blåskjel og drikkevatn. Børretzen har i tillegg vore datafrik i 20 år. Det er han som har skrudd saman servaren som styrer næringsmiddeltilsynets heimesider på internett.

Gjennomsiktig plastkasse

Og det er verkeleg skrudde dataverktøy Arvid Børretzen har skrudd saman. Webservaren er ein plast-pc der Børretzen har brukt ein gjennomsiktig plastkasse kjøpt på Europris for ein femtilapp.

Oppi kassen er hovudkort, prosessor og anna utstyr festa med ståltråd og limband etter Reodor Felgen-prinsippet. Lett tilgjengeleg og rimeleg.

— Mest for moro skuld, og for å tilfredsstilla gutungen i meg. Utstyret er elles heilt ordinært, seier Arvid Børretzen til Bergens Tidende.

Kommuneveterinæren på Stord har laga fleire slike plastserverar. Servaren som styrer websidene til Næringsmiddeltilsynet nyttar operativsystemet Linux. Dermed slepp verksemda å kjøpa dyre serverprogram.

Børretzen sparar Næringsmiddeltilsynet for mange kroner også ved at han sjølv programmerer og vedlikeheld heimesidene.

Stor datainteresse

Websidene www.knt-stord.no inneheld blant anna oppdaterte målingar av blåskjel på Haugalandet, i Ytre Sunnhordland og Bergen.

— Når du har hatt datainteresse så lenge som eg, lærer du ein del under vegs. Men eg har hatt god hjelp av nokre ungdommar når eg har sett saman utstyret, seier Arvid Børretzen. Som har ein son som i sommar blir ferdig utdanna sivilingeniør innan data.

DATAMORO SOM FUNKAR: Kommuneveterinær Arvid Børretzen med sin heimesnikra plast-pc som driv internettsidene til Næringsmiddeltilsynet for Ytre Sunnhordland.
Foto: Ove Olderkjær