Det er ein av dei mest særmerkete fjordabåtane som i går gjekk oppi flammar.

Båten låg på land ved eit båthotell ved Haugesund i påvente avrestaureringsarbeid då det tok til å brenne.

Ifølgje NRK Rogaland varveteranskipet heilt overtent då brannmannskap kom til rundt klokka 18 i går.Det var ikkje personar om bord.

Passasjerbåt på Vestlandet

Veteranbåten skal ha fått store skadar. Mesteparten av inventareter derimot ikkje skadd. Det var tatt ut på grunn av restaureringsarbeidet.

«Svanøy» var bygd i Haugesund i 1925 som den første i ein serie påfem dotterskip for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Båten gjekk i fleire tiårsom passasjer— og godsbåt på Vestlandet, før fartøyet i 1972 blei seld somlystbåt til nokre familiar på Sunnmøre.

Henta heim

Seinare kom båten på utanlandske henderog hamna i Gibraltar. Rundt tusenårsskiftet kjende ferierande nordmenn attbåten ved kai i den britiske kronkolonien ved innseglinga til Middelhavet, og hanblei henta heim.

I 2005 tok veteranbåtlaget i Haugesund på seg arbeidet med årestaurere den gamle fjordabåten.