TERJE ULVEDAL

Starheim kjem frå Selje, og er ein politisk veteran. Han stod tidlegare i Høgre, og var då mellom anna ordførar i heimkommunen. Han er i dag fylkesleiar i partiet, og medlem både i fylkestinget og kommunestyret.

Nominasjonsmøtet i Frp plasserte Torbjørn Lie på andreplass. Han er best kjend som gründer av helikopterselskapet Airlift i Førde.