Temperaturen Bergen i går nådde sitt maksimum på 14,4 grader midt på dagen. Til samanlikning hadde Rimini 13,8 grader.

Det er likevel eit stykke att til novemberrekorden for Bergen. Den lyder på 16,7 grader, notert 12. november 1984, ved Helleneset. På den andre sida av skalaen står 30. november 1984 med minus 7,7 grader.

Varmt om natta var det også. Minimumstemperaturen natt til i går var 12,3 grader, og nådde 13,9 grader før natta var offisielt over klokka 07.

Mildvêret utan nedbør vil halda seg fram til onsdag. Det vil bli kjølegare om nettene, men mildt om dagen. Dermed er det også fare for luftureining i Bergen sentrum, sier satasmeterolog Alfred Slogvik ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Tropisk i vintermørket

Men Bergen var heller haustkald i høve til lenger nord på Vestlandet. I Stryn var det t.d. over 20 grader og på Sunnmøre enda varmare.

— Dette vil visst ingen ende ta, seier Lars Petter Tafjord til Bergens Tidende. Ved 13-tida i går kunne han melda inn 21,6 varmegrader til Meteorologisk institutt. Han har offisiell målestasjon i tunet sitt i Tafjord på Sunnmøre. Bygda miste sola for vinteren tysdag. Då vart ho borte bak fjella, og dei ser henne ikkje att før 7. februar.

Men det var enda varmare litt tidlegare på dagen, medan Tafjord køyrde ein tur til Geiranger med betongbil.

— Maksimumstemperaturen synte så nær opptil 22 grader som det går an å koma, men det er 21,6 grader, målt klokka 12.42 som blir ståande som den offisielle temperaturen, melder Lars Petter Tafjord frå Sunnmøre.

Tyrkisk

— Blir friluftsbadet opna opp att?

— Nei, diverre. Tafjord Kraftselskap spanderer oppvarming i tre månader i året, og det må bli om sommaren. Men eg har gjort framlegg om eit overbygg som hindrar varmetap og held ute rusk og rask. Dermed får ein lengre sesong for same pengane. Men heilt til november blir i drygaste laget, seier Tafjord.

I går måtte du heilt til Kanariøyane eller Santa Cruz for å finna nemnande høgre temperaturar. I Europa var berre Antalya i Tyrkia varmare, med 22,4 grader.

21,6 grader er soleklar temperaturrekord for november. Tafjord tangerte i går den gamle norske novemberrekorden på 18,5 grader frå Sunndalsøra i 1984. Tidlegare Tafjord-rekord er 18,2 grader frå november 1980.

Sunndalsøra målte i går 20,2 grader kl. 13.

Varmluft

Meteorologane forklarar dei høge temperaturane med uvanleg varm luft høgt over oss, kombinert med kraftig vind frå sør-søraust. Fyra på Kråkenes, Svinøy og Ona melde alle om full storm. Ved Stad var vindstyrken oppe i 74 knop i kasta.

Vind på eine sida av dei varme luftmassane skaper undertrykk på le-sida. Dermed vert lufta pressa nedover mot jordoverflata, og trykket aukar. Med aukande lufttrykk stig temperaturen, ca. ein grad for kvar 100 meter nedover. Tafjord og Sunndalsøra ligg i denne sona, omgitt av høge fjell. Det gir turbulens i tillegg, god omrøring og enda høgare temperatur.