Gårsdagens møte bar preg av oppgjerets time. Debatten starta med eit hjartesukk frå fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF), ei av dei ivrigaste regionforkjemparane i Vestlandsrådet:

— Visjonen då vi etablerte rådet i 1998, var vestlandsregionen. Når vi ser resultatet, føler eg vi berre har bevega oss eit lite steg., sukka fylkesordføraren.

Møre og Romsdal fekk kritikk av Selsvold Nyborg for å «kopla seg av og på» Vestlandsrådet, alt etter som kva for saker rådet arbeider med.

Utgreiinga om ein vestlandsregion er ei av sakene der møringane har meldt seg ut. Likevel deltok dei fullt ut i går då Vestlandsrådet skulle konkludere. Terje Søviknes (Frp) og andre region-skeptikarar ivra særleg for å gje møringane både tale- og røysterett.

Møre og Romsdal avgjorde

Dei fire røystene frå Møre og Romsdal sørga for at det endelege vedtaket i Vestlandsrådet vart reinska for alle formuleringar om vidare arbeid med grensene for den nye regionen, valordning, politisk og administrativ organisering.

I staden vil Vestlandsrådet nøye seg med å «arbeide aktivt» overfor regjeringa, som i Soria Moria-erklæringa har lova ei regionalreform på plass seinast i 2010.

Gisle Handeland (Ap) prøvde å få rådet med på at Vestlandsrådet skal gå vidare «i høgt tempo» med spørsmålet om etablering av ein vestlandsregion. Han vart nedstemt.

Eg hadde ønskt meg eit langt sprekare vedtak enn det vi fekk, seier Handeland til Bergens Tidende.

Alternativet var innstillinga frå fylkesrådmannen, som basert på høyringsvara, ville leggje regionsstrevet heilt dødt.

Lagnaden for regionutgreiinga skal no avgjerast av de fire fylkestinga. Gårdagens vedtak tyder på at vestlendingane no nøyer seg med å ha ein dialog med kommunalminister Åslaug Haga (Sp)

Tanken om Vestlandet som prøveklut for nye sterke regionar i Norge, vart lagt i stabilt sideleie av Vestlandsrådet i går.

MISNØGD: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) meiner mange års strev for Vestlandsregionen har kasta lite av seg.