Ein Vestlandsregion må få større ansvar og fleire oppgåver enn dagens fylke.

Dette står å lesa i ein høyringsrapport om regional utvikling på Vestlandet. Der står det og at det er ingen vits i å slå saman dagens fylkeskommunar dersom det ikkje fører med seg utvida ansvar og fleire oppgåver enn fylkeskommunane har i dag.

Fylkestinget i Hordaland handsama rapporten i går, og vedtok deretter å senda han ut på høyring til kommunar og andre. Fylkestinga på Vestlandet skal gje endeleg uttale i desember 2005.

Dette vert viktige innspel til regjeringa, som har varsla ei stortingsmelding om det lokale og regionale styringsnivået våren 2007.

Ansvar for vegane

Styringsgruppa som står bak rapporten slår fast at regionen skal ha ansvar for m.a.:

  • regional planlegging.
  • verksemda til Innovasjon Norge og SIVA.
  • landbruks— og bygdeutvikling.
  • vidaregåande opplæring, som i dag.
  • overordna planar for areal og transport.
  • utbygging og drift av vegar, kollektivtrafikk og ferjer.

Styringsgruppa er delt i synet på om helseføretaka bør leggjast under regional styring. Dei ligg no under staten.

Styringsgruppa legg og til grunn at regionen skal styrast av eit regionting vald gjennom direkte val.

Når det gjeld politisk organisering er det mest stemning for eit regionting og eit regionformannskap. Det er same modellen som Hordaland fylkeskommune vert styrt etter i dag.

Høgre delt i Hordaland

Dei partipolitiske standpunkta i saka er kjende. Frp vil fjerna fylkeskommunen, og vil heller ikkje ha region.

— Høgre sentralt er for å ta bort mellomnivået, og berre satsa på stat og kommune. Men i Hordaland Høgre er det delte meiningar. Derfor må vi ta ein diskusjon i partiet før vi avgjer kva vi skal meina, seier partiets talskvinne i saka, Jannicke Haugan Larsen, til Bergens Tidende.

For Arbeidarpartiet er saka klar: region med ting og direkte val gjennom valkrinsar. Kristeleg Folkeparti seier det same.

Magnar Lussand frå Sp seier til BT at han har tvilt seg fram til at region med direkte val er det beste. Men mange i partiet vil og halda på dagens fylkeskommune.

Venstre og SV går også for Vestlandsregionen, RV helst vil halda på dagens fylkeskommune.

Møre og Romsdal utanfor

Styringsgruppa bak høyringsutkastet har vore samansett av seks politiske toppar fordelt på Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg, KrF, og Gisle Handeland, Ap, har representert Hordaland. Leiar for styringsgruppa har vore fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal, Sp.

Møre og Romsdal er fylke nr. 4 i Vestlandsrådet, men fylket vil ikkje delta i utgreiing av eit folkevald regionting for Vestlandet.