Dei fire vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, samla seg om eit tydeleg og klårt nei til styrevedtaket i Helse Vest om å leggja ned sjukehuset i Florø og fødeavdelinga ved sjukehuset i Lærdal.

Adressat for vedtaket er helseminister Dagfinn Høybråten.

Det var fylkesordføraren i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal, Sp, som tok opp saka under eventuelt på slutten av Vestlandsrådet sitt møte i fylkeshuset i Bergen.

Går på tryggleiken

Sandal møtte ingen protestar. Tvert om fekk han brei støtte frå dei som tok ordet. Kvar og ein frå dei andre fylka tenkte nok med seg at neste gong er det deira tur å be om støtte i ei liknande sak.

— Vedtaket i Helse Vest er ein kile inn i den sjukehusstrukturen vi har på Vestlandet. Dette går på tryggleiken for folk flest, sa Tom-Christer Nilsen, H, frå Hordaland.

— Den 18. juni skal føretaksmøtet, det vil seia helseminister Dagfinn Høybråten, gjera endeleg vedtak i saka. Eg skal møta Høybråten dagen før i Oslo. Det hadde vore svært greitt om eg kunne teke med ei sterk fråsegn frå Vestlandsrådet, sa Nils R. Sandal.

Smilte breitt

— Gjennom arbeidet med Regional helseplan i Helseregion Vest var det semje om ei vidare utviding av spesialisthelsetenestene i dei tre fylka (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) tufta på likeverd. Vedtaket i Helse Vest legg opp til eit brot med dette ved at innbyggjarane i Sogn og Fjordane får eit dårlegare tilbod. Mange får lengre avstandar til sjukehus og fødeavdelingar. Dessutan vert tilbodet svekka innan kirurgi og indremedisin, sa Nils R. Sandal, som smilte breitt etter at eit samrøystes Vestlandsråd hadde gjeve den støtta han bad om.