Denne veka kan fylkestinga lengst nord på Vestlandet setje bremsene alvorleg på for dei som har hatt størst ambisjonar om å få ein vestlandsregion. Bakgrunnen er tilråding til fylkestinget i Møre og Romsdal som opna i går ettermiddag. Eit fleirtal vil truleg gå langt i det som i praksis er å avvise at samarbeidet i rådet skal vere forpliktande for fylka.

I Sogn og Fjordane er haldninga den at skal Vestlandsrådet bli eit organ som skal ta avgjerder på tvers av fylkesgrensene, må Møre og Romsdal vere med. Set møringane bremsene på, vil fylkestinget i Sogn og Fjordane også sakke farten.

Splitting internt

— Vi er eit fylke med tradisjonar og identitet som knyter oss både nord- og sørover i landet. Desse tradisjonane ønskjer vi å ta vare på, og kan derfor ikkje binde oss til eit samarbeid som forpliktar oss berre i ei retning, heiter det i tilrådinga frå fylkesutvalet i Møre og Romsdal.

Der blir det også understreka at dei frå 1. januar skal starte eit fireårig forsøk med einskapsfylke, som mellom anna skal integrere fylkesmannsembetet og fylkeskommunen.

— Einskapsfylke vil kunne vise seg som eit alternativ til store regionar. Dette forsøket må difor vere førande for vårt samarbeid i Vestlandsrådet, heiter det i tilrådinga som Ap, Sp, SV, KrF og V står bak.

Etter det Bergens Tidende kjenner til er intern dragkamp ein grunn til at det nordlegaste vestlandsfylket vegrar seg mot eit tett samarbeid sørover. Nordmøringane ser det som langt meir naturleg å samarbeide mot Trøndelag. Sunnmøringane vil derimot sørover. Ei avgjerd om å samarbeide i eit Vestlandsråd som i enkeltsaker kan få makt til å bestemme over fylkestinget, kan splitte Møre og Romsdal.

Heilt uforpliktande

— Slik eg no ser dette er vi tilbake til eit samarbeid som ser ut til å bli totalt uforpliktande, seier gruppeleiar for SV i fylkestinget i Sogn og Fjordane, Norvall Nøringset. Til Bergens Tidende seier Nøringset at dette må få konsekvensar for Sogn og Fjordanes handsaming av handlingsplanen for Vestlandsrådet. Denne kjem opp på tingseta anten i dag eller i morgon.

— For Sogn og Fjordane har det vore eit avgjerande poeng å få med Møre og Romsdal. Vi må få klart på bordet kva avgjerda i nabofylket vil innebere, understrekar SV-aren.

Utan Møre og Romsdal fryktar fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane at dei vil bli utkant, veslebror og taparen i samarbeid med Hordaland og Rogaland.

— Etter mitt syn er det viktig at Møre og Romsdal blir med på same premissar som dei andre fylka på Vestlandet. Og skal vestlandsrådet fungere, er det heilt nødvendig at rådet får avgjerdsmynde på ein del område, meiner fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp).

Vestlandsrådet er sett saman av 20 representantar, fem frå kvart av dei fire fylka. Mellom målsetjingane er at rådet skal ta på seg eit større ansvar for regional utvikling og ressursfordeling gjennom å overta statlege oppgåver og verkemiddel. Dette gjeld særleg områda samferdsel, utdanning, forsking, kultur, planlegging og ressursforvaltning.