LENA VERMEDAL

Norske avgiftar skremmer Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM). No spøkjer det for eit nytt forbrenningsanlegg som er planlagd i samarbeid med fleire kommunar på Haugaland.

— Me vågar ikkje å investera her i Norge. Det er for usikkert, seier Terje Gilje, dagleg leiar i SIM, til Bergens Tidende.

Avgjerda er enno ikkje teken, men transport av bos med bil eller båt til søta bror kan bli ein realitet om to til tre år.

Naturvernforbundet i Hordaland meiner miljøverket er miljøfiendtleg.

— SIM vurderer i ramme alvor å køyra avfallet sitt til Sverige for å lura seg unna norsk miljølovgjeving. Dette er ikkje akseptabelt, seier Tom S. Tomren, leiar i Naturvernforbundet i Hordaland.

Sunnhordlendingar har samvitsfullt sortert boset sitt i fleire år. Boset har blitt deponert i Svartasmoget på Fitjar.

No blir norsk avfall pålagd ei slutthandsamingsavgift som skal sørgje for at minst mogeleg restavfall blir deponert, og dessutan at utsleppa frå forbrenningsanlegga blir halde nede.

— Avgifta på deponering har steget kolossalt. Me vil ikkje påføra abonnentane våre den rekninga. I Sverige er avgiftene lågare, og det er høgare betaling for boset, seier Gilje.

Han er ikkje bekymra for miljøkonsekvensane ved å senda boset tvers over landet og over grensa til Sverige.