Dei fire som røysta mot var Sosialistisk Venstreparti og Framstegspartiet.

Fylkesordførar Nils R. Sandal seier at ein ønskjer å forme ut ein felles og samordna vegpolitikk for landsdelen gjennom Vestlandsrådet.

— Denne omorganiseringa innanfor Statens Vegvesen vil også få regionalpolitiske gevinstar, og bidra til å styrke vilkåra for heilskapleg planlegging, prioritering og utvikling av transporttilbodet i landsdelen, seier Sandal.

Når forsøket skal gjennomførast ber fylkestinget om at Vestlandsrådet får makt til å ta avgjerder i samband med gjennomføringa. Forsøket gjeld fylkeskommunane Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane der dei skal opptre som ei samla eining. Stamvegnett, drift og vedlikehald av vegnettet er ikkje inne i forsøket som skal gjelde for ein avgrensa tidsperiode.