— Vi har ambisjonar. For det fyrste vil vi bli godkjende i folkemusikkmiljøet i Noreg. Men vi vil også inn i underhaldningsmusikken - vi meiner alvor!

Sjanti-entusiast og forsongar i Storm Weather Shanty Choir, Håkon Vatle, kan notere at koret no faktisk har fått ein kjempesjanse i popretning.

For overraskande for mange, er dei inviterte til å halde konsert på det store norske pop/rock-bransjetreffet Bylarm, som går i Stavanger 10.-12. februar.

— Makalaust! Vi trudde ikkje det var sant, og måtte ringe og dobbeltsjekke. Veldig vittig, og veldig flott! seier Håkon.

Er det rart at dei seks stordabuane er gira for tida?

— Sjantiar er ikkje berre for gamlingar. Denne musikken når breitt, også til ungdom. Sunge på rette måten, har sjantiar hitpotensial, slår Håkon fast.

Tredje cd-ein

Vi finn både han og resten av gjengen oppe i Bandadalen på Stord. Ny cd skal spelast inn, den tredje så langt, og innspelinga skjer heime hos kormedlem og lydmann Gisle Østrem, som har studio i andreetasjen.

— Muffins? byd han, straks vi er innanfor døra, han har bakt sjølv.

Snart ljomar ramsalte, rå sjømannssongar gjennom huset: Det er bøljan blå, ei hore i Liverpool, heimlengt og farvel til ei spansk senorita - skål!

Håkon Vatle i front - «Let us be jolly and drown melancholy!»

Alle gir alt - Roald Kaldestad barnebokforfattaren og gitaristen, Rune Nesse som også spelar i korps og death metal-band, ingeniøren, viseskribenten og musikalarbeidaren Vidar Vedå, Gisle som er IT-ansvarlig i skulen når han ikkje jobbar i heimestudioet sitt, og barneskulelæraren Ronny Sætre.

Forsømt tradisjon

Lærarutdanna er óg Håkon, og koret er hans baby.

Han høyrde sjantiar fyrste gong av kaptein Marcus Seidel på Statsraad Lehmkuhl, der han hatt hyre kvar sesong sidan hausten 1996. Etter kvart har det blitt tallause gongar han har sunge skuta til hamn, og mykje føredragsverksemd om emnet.

Han er óg i gong med ein mastergrad i tradisjonsmusikk, med spesielt fokus på sjantitradisjonen.

Det er nemleg på høg tid å oppgradere statusen til desse gamle arbeidssongane frå seglskutetida, meiner han:

— Eg vart forbanna då eg tok akademisk utdanning i musikk, og oppdaga at vi lærte om norsk og samisk tradisjonsmusikk, men pensum inneheldt berre fem linjer om sjantiar. Det som stod der, var til og med feil!

«Vulgære»

Kystkulturen er forsømd, også den musikalske, ifølgje Håkon, og nemner fleire grunnar til at den maritime songtradisjonen ikkje er teken betre vare på:

— Songane blei sett på som litt vulgære; brutale og rå. Men ein må sjå rasjonelt på det - sjøfolka var ute i månadsvis, og det var naturleg at dei song om det dei lengta etter. Songane blei óg sett på som for sentimentale.

Dei fleste som syng i sjantikor, er karar med atskilleg fleire år på baken enn Storm Weather Shanty Choir.

— Vi framfører songane på ein litt annan måte. Det skal ikkje vere for polert. Det er ein del eldre som ser på sjanti som sitt revir. Men desse songane blei jo opphavleg sunge av folk på vår alder, minner Håkon Vatle om.

For det skal vere trøkk og energi i sjantien, synest han. Det låg bak då han i 2000 sanka saman gjengen som skulle bli til koret. Han plukka folk han visste om, utan å kjenne dei noko særleg.

Med på Nordstoga

— Håkon kom berre bort til meg og spurte om ikkje eg likte å synge sterkt! ler Vidar.

Etter kvart har det blitt mange konsertar og opptredenar for koret både på Stord, i Bergen og distriktet elles - alt frå opning av brude- og undertøyshow til Nordsjøfestivalen og oppvarming for Odd Nordstoga. Koret er óg med på siste Nordstoga-cd-en.

I folkemusikkmiljøet har koret blitt godt motteke, synest karane. Mellom anna vart begge cd-ane deira kåra til månadens plater i Etnisk Musikklubb i november 2004. — Ikkje det at folk var skeptiske i folkemusikkmiljøet, men dei visste berre ikkje noko om sjantiar til å byrje med, fortel Roald.

Vil fornye

Om sjømannssongane verkar gamaldagse, er det fullt mogleg å tilføre sjantiar noko nytt, meiner dei.

— Vi er opptekne av tradisjon og fornying. Mykje av folkemusikken i dag er for ein elite. Gjer vi ikkje musikken på ein ny måte, drep vi heile tradisjonen. Tradisjonsmusikk er viktig musealt, men elementa må ikkje fastlåsast, seier Håkon, og nemner bandet Gåte og Odd Nordstoga som vellykka fornyarar av norsk folkemusikk.

Etter Bylarm, satsar koret mellom anna på å halde eigen konsert i Bergen.

— 18. mars, på Hotel Augustin. Då vert det heilaftans sjantifanteri! lovar karane entusiastisk.