Det er kostnadsutviklinga for Bjørvikatunnelen under den nye operaen som skaper bylgjer her vest. Både fylkesordførar Gisle Handeland og hans kollega i Møre og Romsdal, Ole E. Øverland, er forstøkte og sinte over at prisen på kort tid har auka frå vel to milliardar kroner til over tre milliardar.

Attpå til sa vegsjefen i Oslo, Sidsel Sandelien, nyleg at kostnadssprekken kanskje ville få fylgjer for andre vegprosjekt rundt i landet.

Begeret fullt

Ein raudare klut til å terga vestlandspolitikarane med, kunne ho knapt ha funne.

— No er begeret fullt. Dette er Romeriksporten om att. Eg veit ikkje anna råd enn å be Stortinget leggja bort prestisjen og flytta operaen attende til Vestbanen, sukkar Ole E. Øverland.

— Men det kan vel henda at meirkostnadene vert henta inn gjennom bompengar?

— Ha! Det må du ikkje tru at Oslo-folk går med på.

For rike

— Men regjeringa har no lova auka rammer til vegbygging?

— Jau, men ho har og lova 15 milliardar i skattelette. Gjer deg ingen illusjonar. Det er i tronge tider vegbygging vert prioritert. No er vi så rike at vi ikkje har råd til å satsa på samferdsle. Det viktigaste no er å spara lommebøkene til dei som alt har for mykje, seier Øverland, som representerer Senterpartiet.

Krigsråd

20. mars samlast fylkesordførarane frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal til krigsråd i Bergen. No gjeld det å stå saman att, slik dei fire vestlandsfylka gjorde hausten 2000 under innspurten med Nasjonal Transportplan.

— Møtet den 20. gjeld vidare prioriteringar innanfor transportplanen. Vi er i gang med ei felles transportanalyse for dei fire vestlandsfylka, opplyser Gisle Handeland. Han er svært uroa over pengebruken i Oslo.

Aukar endå meir

— Eg er stygt redd for at det er vi her vest som må betala ein stor del av rekninga. Og alt frå før er vi underprioritert. Bjørvika-prosjektet er svært komplisert både teknisk og geologisk, og eg er redd for at kostnadstala kan koma til å stiga endå meir, seier Handeland.

Han lovar at denne saka skal fylgjast nøye, og at vestlandsfolka på Stortinget ikkje skal få fred.

Fylkestingsrepresentant Arne Jakobsen vil for sin del ta opp saka om pengebruken i Oslo på fylkestinget over helga.

— I den fyrste perioden i Nasjonal Transportplan er Hordaland alt på etterskot med 63 millionar kroner. Det er snakk om fornminne i Bjørvika som det må takast omsyn til. Det har vi her og. Bryggen, til dømes, som står på UNESCO-lista.