Lågt skydekke og skodde nekta sola å gjera skidagen perfekt, men Eikedalen og Harpefossen hadde faktisk streif av sol i går.

BT-kamera lokka med sol

— Vi hadde litt lite folk her sundag morgon, sannsynlegvis fordi det var overskya i Bergen. Men så snart bt.no sitt webkamera på internett viste solstrålar på kvit snø, kom dei køyrande, fortel Fredrik Tønjum i Eikedalen til Bergens Tidende.

Før dei var framme, hadde det nok skya over att, men fin skidag vart det likevel. Dette skisenteret har berre kveldskøyring tysdag-fredag på kvardagar i januar.

Hysj-hysj

— Ikkje skriv i avisa kor fin det er her, for då kjem det alt for mange bergensarar, seier stålkanta skientusiastar på Voss.

Disponent Per Inge Brekke, som skal få drifta i Voss Fjellheiar til å løna seg, har derimot ingen sans for at enkelte vossingar vil ha løypene for seg sjølve.

Dei såg ikkje mykje av sola i Bavallen, Tråstølen eller på Hangur i går, verken vossingane eller tilreisande. Men dei var heller ikkje ille plaga av skodda som flytta på seg heile tida. På Myra kunne foreldra sjå sine håpefulle i alderen 4-12 år frå start til mål. Rundt 60 i talet deltok i «Moro på ski».

Regn og sol

På Harpefossen ved Nordfjordeid regna det laurdag. Dagleg leiar Jon Balsnes er imponert over kor mange som likevel køyrde i løpene, og unte dei solstrålane sundag. Fem varmegrader tek ikkje nattesøvnen frå han. Det er enno ein god del snø å tæra på. Inntektene dei to første vekene i år, overgår to månader i fjor.

Også Stryn hadde storutfart på velpreparert snø med 2-3 varmegrader i lufttemperatur. To av tre løyper er opne, melder Frode Briksdal. Ein god del av snøen er heimelaga.

Ny hoppbakke

I Jølster er Stig Tveit litt nervøs for snømengdene. Forholda er marginale, vedgår han. Likevel kunne skisenteret i Bjørkelia avvikla ein normal laurdagsutfart og ein «kanon» sundag, då ny hoppbakke vart opna attmed barneskitrekket. Når også veteranhopparane samlast for å visa gamle kunstar, vart det folksamt.

Røldal har fått opna halve alpinanlegget i Hordadalen. Her er 50-60 centimeter snø. Det toler godt samanlikning med alle andre, men det er uvanleg lite for å Røldal å vera.

Gode turløyper

På Voss er det også godt brukande for alle som går på ski utan stålkantar. Det tradisjonsrike Parkrennet brukte dei første par kilometrane av Bømoløypa, men det er god plass innover i skogen for dei som ikkje tevlar mot klokka. I fire-fem minusgrader greier ein seg godt utan solskinn. Også i Myrkdalen er det fint for tida.

Det meste av alpinanlegget på Voss har vore i drift dagleg sidan 2. juledag, men har for lite snø på Slettafjellet, langs Horgaletten og i halfpipen.

Fint på Geilo

Også Geilo har alpinanlegget for lengst i dagleg drift. Der kom kunstsnøproduksjonen i gang i november, og tilhøva var fine i helga. Men i tur- og langrennsløypene manglar det snø.

I FARTA: Det går unna på snøbrett ned mot Varmestova og skiheisane i Bavallen på Voss
Foto: Arne Hofseth