— Å koma seg opp om morgonen er ein god start. Forsoving er ikkje ein eigenskap som arbeidsgjevaren set pris på, seier dei to lærlingane hos Fylkesnes Bil på Heiane.

Og det gjer dei lurt i. For i følgje fagopplæringssjef Ole Fredheim i Hordaland står ungdom i fare for å spolera yrkesframtida si, dersom lærekontrakten deira på ein eller annan måte vert broten eller heva.

— Ungdommar i denne situasjonen kan diverre koma til å brenna nokre bruer. Dei kan søkja om å få behalda retten til vidaregåande opplæring, men dei risikerer å mista den og dermed stå ribba tilbake, åtvarar Fredheim.

- Straffar seg

I fjor vart 251 lærekontraktar brotne i Hordaland. Rogaland hadde 241 hevingssaker og Sogn og Fjordane 40. Til saman 532 kansellerte kontraktar på Vestlandet - i ei tid då næringslivet går så det susar.

— For vår del er dette ein auke på 20 prosent i høve til 2005. Eit altfor høgt tal, tykkjer Fredheim.

Det er mekanikarlærlingane Skaten og Berge samde i.

— Det er i alle fall synd i dei tilfella der kontraktsbrota skuldast slappe haldningar frå lærlingen si side. Det kan koma til å straffa seg seinare i livet, seier dei.

Fleire årsaker

Fredheim legg ikkje skjul på at statistikken gjer han bekymra.

— Det er mange måtar å lesa tala på. Ser du dei i høve til inngåtte lærekontraktar i fjor, så er fråfallet på 10 prosent. Det likar me ikkje i det heile. Me ser jo helst at folk gjer seg ferdige med det dei byrjar på, seier Fredheim.

Årsaka til kontraktsbrota er samansett, men kan delast inn i fire hovudpunkt:

  • Feilval
  • Mistrivnad
  • Helseårsaker
  • Sparken

— Enkelte hamnar rett og slett på feil hylle og oppdagar det for seint. Eg har døme på sjømenn som ikkje har tolt sjøen, humrar Fredheim.

Han understrekar samstundes at det er svært sjeldan ein lærling får sparken.

— Ja, heldigvis. Men me får heile tida inn saker der lærlingen ikkje gjer pliktene sine og har trøbbel med å tilpassa seg reglane i arbeidslivet. Mykje fråvær gjev til dømes verksemda heimel til å heva kontrakten.

Betre rådgjeving

Verksmeister Svein Huse hos Fylkesnes Bil er glad han ikkje har slike eksempel å syna til.

— Hos oss vert det gjort eit grundig arbeid i utveljinga av lærlingar. Det syner att i motivasjonen og arbeidet som vert lagt for dagen, meiner han.

Fredheim fortel at det vert satsa på rådgjevingstenestene for å redusera fråfallet blant lærlingane.

— Me er også opptekne av meklarrolla vår mellom lærling og verksemd. Begge partar kan gjera feil, ikkje berre den eine eller den andre, seier Ole Fredheim.

Kvaliteten viktigast

Det globale milliardføretaket Wärtsilä Norway AS - også med avdelingar på Stord og Bømlo - skal i løpet av 2007 tilsetja 100 nye medarbeidarar. Administrerande direktør Arne Birkeland tykkjer det er leit å høyra om alle lærlingplassane som gjekk fløyten på Vestlandet i fjor.

— Samstundes er kvaliteten viktigare enn kvantiteten. Når me tek inn lærlingar så er me svært opptekne av at me rekrutterer folk som har motivasjon og glød til å utføra oppgåver i industrien dei er vortne ein del av, seier Birkeland.