— Vi kan ikkje leva med utsegner som at vi nærast ikke prioriterer rassikring, seier fylkesordfører Gisle Handeland til Bergens Tidende. I går møtte Handeland sine tre vestlandskollegaer i fylkeshuset i Bergen; Roald Bergsaker frå Rogaland, Nils R. Sandal frå Sogn og Fjordane og Ole E. Øverland frå Møre og Romsdal.

Dei fire vart fort samde om å skriva eit brev til samferdsleministeren og be om eit snarleg møte der dei vil be om ekstra løyvingar frå staten.

— Tre av fire prioriterte prosjekt innanfor riksvegramma i Rogaland i år gjeld rassikring. Det meste går til Rv. 13 gjennom Bratlandsdalen og vidare nedover i Ryfylke, seier Roald Bergsaker.

Uroa over Bjørvika

I tillegg til rassikring vil vestlandsfylka og ta opp den uroa dei kjenner over milliardprosjektet Bjørvika-tunnelen i Oslo. For eit par veker sidan vart dei oppskræmde av Oslo-vegsjef Sidsel Sandelien, som meinte at overskridingar på tunnelen måtte få fylgjer for vegplanar andre stader i landet.

Dei fire fylkesordførarane lovar at dei vil kjempe med nebb og klør for å hindra at distrikta må blø for Bjørvika-tunnelen.

Krangel på tryggleik på snøggbåtane er og eit viktig tema. Sjøfartsdirektoratet stiller no krav om såkalla «turrskodd evakuering», noko som snøggbåtselskapa meiner ikkje let seg gjennomføra, i alle fall ikkje på kort sikt. Av den grunn trugar selskapa med å innstilla all trafikk frå 1. juli i sommar.