— Vi har ein forsyningssituasjon som er dårlegare enn det akseptable. Faren for utfall blir større både i Bergen og Møre og Romsdal, seier NVE-direktør Agnar Aas.

Også Statnett er uroa. Dersom den veldige motstanden gjer at Olje- og energidepartementet set foten ned og seier nei til dei nye vestlandslinjene, kan situasjonen bli kritisk. Statnettdirektør Auke Lont peikar på at i området nord for Hardangerfjorden er det eit veksande underskot på kraft:

— Dette gjer at linjenettet i området blir stadig meir sårbart for feil. Feil på ei enkelt linje kan gje omfattande problem i området mellom Sunnhordland og Sogn.

Dårleg linjenett

Store nedbørsmengder og høge fjell gjer Vestlandet perfekt for å produserer vasskraft. Gjennom lange røyrgater frå fjellmagasin og frå regulerte elvar i låglandet blir vatnet ført fram til generatorane som produserer straumen samfunnet er fullstendig avhengig av. Ei lang kyststripe der vindstille knappast rår meir enn ein handfull dagar i året, skal i framtida gjere oss til ei energistormakt på vindkraft.

Problemet i dag er å få straumen ut frå kraftstasjonane. Linjenettet er for dårleg. Opprustinga kjem til å koste milliardar.

I delar av Hordaland meiner Statnett linjenettet er så hardt utnytta at det er svært vanskeleg å drive vedlikehaldsarbeid.

— Å kople ut ei linje for å gjere utbetringar på ho, set forsyningssituasjonen i fare. Slik kan vi ikkje ha det, seier Lont.

Eige prisområde

NVE-direktør Aas seier forsyningssituasjonen og faren for utfall er så stor at prisen på straum kan bli dyrare i Bergen.

— Vi har ein mekanisme med eigne prisområde for å få marknaden til å fungere effektivt. Om det blir mangel på vatn i magasina innanfor eit geografisk område, skal det etablerast eit eige prisområde slik at kraft vil flyte inn i området og skape ny balanse, men med nye prisar.

Ein slik situasjon har det vore i Midt-Norge. På grunn av underskot på kraft har prisane i Trøndelag, Møre og Romsdal og fire kommunar på nordsida av Nordfjorden lagt høgare enn resten av Sør-Norge.

I fjor fortalde Bergens Tidende om Hotel Alexandra i Loen som i første halvdel av 2008 hadde meirkostnader på ein halv million samanlikna med nabohotell sør om fjorden. Dersom forsyningssituasjonen ikkje blir betre, kan også Bergen og områ­da rundt bli eit eige prisområde.

- Kor stor er faren for utfall?

— Den er størst i tørre år, og aukar om det skulle bli brot på linjer. Faren for at det skal skje, er i dag for høg.

I Statnett delar dei denne oppfatninga.

— Bergen og Hordaland har hatt ein jamn forbruksvekst over mange år, med særleg vekst innan petroleumsindustrien. Linja Sima - Samnanger er veldig viktig for Bergen by og for resten av fylket, seier Lont.

- Kor stor prisauke kan det bli snakk om?

— Det ønskjer eg ikkje å spekulere i.

Stapp fullt

Nordover på Vestlandet er ikkje situasjonen mykje betre. I Sogn og Fjordane er nettet ifølgje NVE og Statnett stapp fullt. Det sentrale nettet kan i dei mest belasta periodane ikkje frakte meir kraft enn det gjer.

— Vi har gitt NVE råd om at i enkelte område i fylket ikkje bør bli gitt konsesjonar til nye småkraftverk enno. Før den nye linja kjem frå Sogndal til Sunnmøre, kan ikkje nettet ta mot meir, seier Auke Lont.

Linja frå Sogn til Sunnmøre er ifølgje Lont og Aas heilt vesentleg for å gje trygg og sikker straumforsyning til Midt-Noreg, særleg i Møre og Romsdal. Blant anna utvidinga av aluminiumverket i Sunndal og Ormen Lange-utbygginga på Tjeldbergodden, gjer at det no blir brukt mykje meir kraft i områ­det enn det blir produsert der.

- Men nokre veker før Stortinget vedtok Ormen Lange, gjekk NVE god for at det var nok kraft i Møre og Romsdal?

— Det er rett. Men det var gjort på bakgrunn av dei konsesjonar som då var gitt, mellom anna at det skulle byggjast gasskraftverk på Tjelbergodden og i Skogn. Når det no ser ut til at ingen av desse konsesjonane blir nytta, blir det for lite kraft, seier NVE-direktøren.

Tre store kraftleidningar er under planlegging på Vestlandet. Kva synest du om dei nye luftspenna?