Høg sysselsetjing, stor skatteinngang og 20 milliardar kroner ekstra frå staten har gjort norsk kommuneøkonomi markant betre det siste året. Sidan 2004 er talet på kommunar i Register om vilkårsbunden godkjenning og kontroll (ROBEK) gått ned frå 118 til 47.

Kommunar på ROBEK-lista må ha godkjenning frå Kommunal— og regionaldepartementet for å gjera nye låneopptak eller inngå langsiktige leigeavtalar.

I Hordaland har ingen kommunar blitt strokne frå svartelista det siste året, ingen nye er komne til heller. I Sogn og Fjordane har Gloppen, Fjaler, Gulen, Gaular og Askvoll gått ut, Høyanger og Flora er komne inn.

Hordaland har flest kommunar på lista med 11, Sogn og Fjordane har sju og er nummer to. Rogaland har ingen.

- Er snart ute

— Det er berre ein formalitet at vi står der enno. Eg reknar med at Bergen er ute av lista når Fylkesmannen godkjenner rekneskapen vår i løpet av august, seier byrådsleiar Monica Mæland (H) i Bergen.

Bergen kommune la i vinter fram tidenes beste rekneskap med 619 millionar kroner i overskot i 2006. 254 millionar kroner av eit oppsamla underskot var nedbetalt, og med utsikter til at dei resterande 195 millionane kunne betalast i 2007.

-Det har hatt enorme konsekvensar for Bergen å stå på ROBEK-lista. Det har hindra investeringar i skular, barnehagar og idrettsbygg. Offentlege bygningar har forfalle, drifta er blitt skoren til beinet, seier Mæland, som fortel om store ambisjonar på skule- og idrettssektoren med nyanlegg for 1,6 milliardar kroner no når økonomien er retta opp.

-Vi har fått ein sunn og god økonomi etter tøffe år i 2003, 2004 og 2005 med omorganisering og effektivisering.

Ikkje all ære til regjeringa

— Eg synest regjeringa skal vera like ærlege som oss og vedgå at hovudårsaka til snunaden er at Noreg går bra, at det er høg sysselsetjing og rekordstor skatteinngang, seier Monica Mæland.

På bakgrunn av utviklinga på ROBEK-lista - som har eksistert sidan 2001 -seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga (Sp) at regjeringa er «godt i gang med å rydde opp i kommuneøkonomien».

I Høyanger sit ordførar Kjartan Longva (Ap) og ser at hans kommune brått kom inn på ROBEK-lista i fjor. Det tek han med stor ro.

— Vi hadde eit underskot på 12 millionar i 2005, justerte det ned i 2006 og reknar med å vera à jour i 2007. Vi skal ut av lista når 2007-rekneskapen er klar, seier Longva til Bergens Tidende.

— Listeplasseringa har ført til at den nye skulen i Bjordal er utsett med eit halvt år. Den krev eit låneopptak på rundt ti millionar kroner, seier ordførar Kjartan Longva.