ØYVIND LEFDAL EIDSVIK

— Vi er allereie i rekrutteringsfasen, og reknar med mellom 25 og 30 nye arbeidsplassar når vi er ferdige med utvidinga, seier dagleg leiar i Vest Tank, Jostein Berland, til avisa Nordhordland.

Også anleggsområdet skal bli kraftig utvida. Tankselskapet reknar med at det utvida anlegget på nytt skal kunne ta imot tankskip i desember.

Etter ulykka tok Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) alle løyve frå Vest Tank. Tankselskapet må sende inn dokumentasjon på at alle tilhøve er ordna før DSB eventuelt vil gje løyva tilbake, opplyser avdelingsleiar Tom Ivar Hansen i direktoratet.

— Vi kjem til å sjekke opp saka nøye før Vest Tank får starte opp att båtmottaket, seier Hansen. Han vil ikkje spekulere i kor lang tid DSB treng på å vurdere løyva, men seier at Vest Tank rakst må sende den venta dokumentasjonen om alt skal vere klart til desember.

Det ligg framleis igjen restar frå eksplosjonen den 24. mai på tankområdet. Restane blir sendt til eit avfallsanlegg på Austlandet.