Erstads selskap, Rådgivande Agronomar, hadde oppdrag for eit stort oljeselskap. Men etter alle opplysningane som har kome fram om det som skjedde i Sløvåg, blei engasjementet avslutta.

— Oljeselskapet var livredde for å bli assosierte med Trafigura. Eg måtte berre gå, fortalde Erstad i Nordhordland tingrett i dag.

Erstad er no i gang med si forklaring for tingretten. Han var henta inn som fagekspert i ei prosjektgruppe som jobba med korleis Vest Tank skulle kvitte seg med store mengder giftig botnfall.

Erstad var sentral i arbeidet som førte fram til prosessen som blei brukt for å handtere avfallet.

Det var under denne kjemiske prosessen at tankane gjekk i lufta.