— Før bedrifta får tilbake løyva dei hadde til å oppbevare og behandle farleg avfall, ønskjer vi svar på kva som skjedde då tankane gjekk i lufta, seier avdelingsleiar i DSB, Tom Ivar Hansen.

I følgje DSB skal det difor ikkje skje noko anna arbeid på Vest Tank-området enn opprydding etter eksplosjonen og brannen.

— Det er ikkje sett noko avgrensing på kor lenge løyva vil bli trekte tilbake. Kor tid det kan bli drift att på området, vil avhenge av kor lang tid etterforskinga tek, og kva konklusjonar som kjem fram der.

— Er det mistanke om at selskapet kan ha brote vilkåra dei hadde for å drive anlegget i Sløvåg?

— Det er det alt for tidleg å seie noko om. Det er eit spørsmål etterforskinga må gje svar på, seier Hansen.

DSB er svært varsame med å kommentere opplysningane som Bergens Tidende kunne presentere tysdag, om at prosessen som var i gang då tank 3 på Vest Tank-området gjekk i lufta aldri hadde blitt gjennomført i stor skala før. Vest Tank pumpa saltsyre inn i avfallsstoffet som mellom anna inneheldt natronlut. Målet var å få skilt vatnet frå dei oljehaldige stoffa i avfallet, og få redusert pH-verdien. Slik skulle vatnet i avfallet kunne reinsast vidare, og til slutt bli så reint at det kunne pumpast ut i sjøen.

— Vi har sjølvsagt merka oss dette. Det blir eit svært sentralt punkt i arbeidet med å finne årsaka, seier Hansen.

DSB ønskjer ikkje å kommentere utsegnene frå professor Jon Bolstad, som er sterkt kritisk til metoden som blei brukt.

— Men vi har sjølvsagt bite oss merke i det som har kome fram, seier Hansen.