ÅSMUND EGELAND

— Vi likar ikkje at ambulansetenesta får slik omtale, og ønskjer derfor å bli orientert om situasjonen i selskapet, seier assisterande leiar ved kirurgisk divisjon i Helse Bergen, Lars Arnestad, til Bergens Tidende.

Helse Bergen er oppteken av at ambulansetenesta i Bergen og omegn fungerer godt. Så langt har ikkje Arnestad noko å utsetje på tenestene som er leverte av Vest Ambulanse.

— Vi har funne tenesta akseptabel, seier han.

Lørdag kveld hadde Vest Ambulanse ein driftsstans som varte i 43 minutt. Ifølgje driftssjefen i selskapet, Thor-Arne Fagervold, var årsaka at ein av dei tilsette slo seg i foten på jobb, og måtte sjukmeldast.

Driftsstoppen førte til at Vest Ambulanse måtte melde pass, då ein pasient frå Askøy ba om hjelp. Ein ambulanse frå Bergen brannvesen måtte rykke ut i staden.

Vest Ambulanse har meldt frå om hendinga til sin oppdragsgjevar, Helse Bergen. Arnestad ser ikkje episoden som spesielt alvorleg.

— Det er aksept for at Vest Ambulanse kan få ein driftsstopp som følgje av for eksempel akutt sykdom eller at bilen bryt saman, seier Arnestad.

Etter kontrakten som Helse Bergen har med Vest Ambulanse kan driftsstans opp til 60 minutt tolererast.