Mamma hadde ikkje termin før 20. juli, men alt i slutten av mars gjekk vatnet. På grunn av betennelse i livmora måtte barnet ut tretten dagar seinare, og 10. april kom Vesla med keisarsnitt.

— Eg tenkte at no kjem eg til å miste ungen min. Eg var ikkje klar over at dei kunne redde barn som kom så tidleg, seier Marianne Nygård til BT.

Vesla vart fødd i veke 26, og vog 770 gram. Etter fødselen gjekk ho heilt ned i 566 gram, men sidan har vekta berre gått oppover. No manglar jenta nokre gram på sine først kilo.

— Vekt. Det er dét det handlar om, konstaterer pappa Ole Marius Flåm Olsen.

Under 400 gram

Etter fødselen har paret frå Sogn tilbrakt mykje av tida på intensivavdelinga på Seksjon for nyfødde på Barneklinikken i Bergen. Dei to jentene heime i Aurland passar besteforeldra på.

Marianne og Ole Marius veit ikkje kor lenge Vesla må vere på sjukehuset.

— Til ho blir stor nok, frisk nok. Kanskje nærare den opprinnelege terminen, seier dei.

Kvart år tek nyføddavdelinga imot 25-30 ekstremt premature barn frå Hordaland og Sogn og Fjordane. 80-85 prosent overlever. Dei aller, aller minste var like under 400 gram då dei vart fødde.

— Det har gått bra med dei, forsikrar seksjonsoverlege Hallvard Reigstad.

— Det er likevel ikkje til å legge skjul på at det er svært omdiskutert kor ein skal setje den nedre grensa. Hos oss er denne grensa rundt 23-24 veker. Men vi er konsekvente på at vi ikkje skal behandle så små barn for einkvar pris. Har barnet store skader, stoppar vi behandlinga, dersom foreldra er samde med oss.

«Storajento»

Det er nesten 17. mai-stemning i hjørnet borte hos Emilie. To norske flagg står planta i fotenden på sjukehussenga - eitt for kvar månad veslejenta har levd.

Eigentleg skulle ho ikkje kome før 25. mai, men vatnet gjekk hos mamma alt i veke 13. 22. mars, i veke 31, vart jenta tatt med keisarsnitt. Vekt: 1485 gram. Mor skjønte raskt at dei er vane med langt mindre barn på denne avdelinga.

— Eg syntest at ho var kjempelita. Men her kalla dei henne berre «storajento frå Rosendal». Men no synest eg óg at ho er blitt stor, ler mor Ingunn Meling.

I dag veg Emilie 3260 gram. Ho smiler, tar pupp og elskar smokken sin. Men det er enno ei stund til ho og mamma kan dra heim til resten av familien i Rosendal. Først skal Emilie opererast, fordi ho fekk hofta ut av ledd under fødselen.

— Det skal bli spennande å kome heim. Eg kjem sikkert til å vere meir nervøs denne gongen, enn med dei tre andre barna mine. Den første tida blir eg nok nattevakt, seier Ingunn Meling.