Kvinna var ute på kveldstur i Vie-området saman med ei venninne da den skremmande episoden skjedde på Gamle Vievegen i Førde klokka 22.40.

– Den ukjende heldt fast i veska, slo og sparka i forsøke på å rive den til seg. Men da han møtte såpass sterk motstand, gav han opp og la på sprang, fortel lensmann Kjell Fonn i Førde.

Men dette skulle ikkje bli det siste dei to kvinnene såg til den ukjende valdsmannen.

– Dei fekk hjelp av ein ven, og kjørte litt rundt i bil. Og i Angedalsvegen rundt ti minuttar seinare, ved Smestad, såg dei den same mannen sykle i retning sentrum. Ved synet av kvinnene kasta han sykkelen og la han på sprang, runda eit hus, sprinta tvers over vegen og ut i Angedalselva. Vi fann seinare spor som viser at han kom seg i land på andre sida. Det er relativt lav elv for tida, men han har likevel blitt skikkeleg våt, seier lensmannen.

Så no etterlyser politiet andre vitne som kan ha sett noko til den ukjende overfallsmannen, anten før overfallet eller med våt underkropp etter flukta.

– Han var rundt 170 centimeter høg, spinkel med mørkt hår og mørk hus, opplyser lensmannen.

Kleda var mørk lårkort jakke, lyse bukser truleg av dongeri og truleg lyse sko.

Sykkelen som låg igjen etter mannen er ein GT herresykkel, gul og grå med skivebremser.

– Vi er interessert i alle som kan ha sett noko interessant i området denne kvelden, seier lensmann Kjell Fonn.