I går forlét Petroleumstilsynet anlegget på Mongstad, der danske Dong Energy bygg varmekraftverk for StatoilHydro. Etter to og ein halv dags gjennomgang av den nederlandske selskapet NAM, hadde tilsynet ikkje fått dokumentert at dei gjev arbeidarane norske løns— og arbeidsvilkår.

Dermed gav Petroleumstilsynet selskapet frist til laurdag med å kome opp med dokumentasjonen. Gjer det ikkje det blir dei pålagt å stanse arbeidet, «helt eller delvis», som det står i brevet frå Petroleumstilsynet.

Ifølgje direktør for område rammesetting i Petroleumstilsynet, Olaf Thuestad, er det berre sikkerheitsårsaker som kan hindre dei i å stengje ned arbeidet heilt.

Fleire kan bli stengt ute

I tillegg har StatoilHydro gitt Dong ein kortare frist, 48 timar, til å kome opp med dokumentasjon som viser at alle arbeidarane dei brukar på Mongstad får norske løns- og arbeidsvilkår.

Det gjeld altså fleire firma enn NEM, men StatoilHydro opnar òg for å gje Dong ei veke ekstra.

— Vi har sagt i brevet at viss Dong kan garantere oss at dei kan vise fram gyldige kontraktar som viser at arbeidstakarane har den løn og arbeidsvilkår dei skal ha, så vil dei få fristen utvida til 18. oktober, seier informasjonsleiar Kåre Ness i StatoilHydro Mongstad.

Kjem ikkje Dong med denne garantien i løpet av i dag, så kan arbeidet på varmekraftverket stoppe opp allereie fredag.

Ness seier StatoilHydro vil stengje ute firma som bryt den såkalla allmengjeringslova, som krev at tilsette i utanlandske selskap skal ha same løn og arbeidsvilkår som norske arbeidstakarar.

LO krev handling

StatoilHydro bad allereie i mai Dong Energy om dokumentasjon på løns- og arbeidsvilkåra hjå underleverandørane på varmekraftverket. Det har dei enno ikkje fått, fortel Ness.

Storselskapet Dong Energy skal i tillegg til å byggje kraftverket òg eige og drive det i 20 år framover. Ness har ingen aning om eit lovbrot vil få konsekvensar for denne avtalen.

LO-koordinator Truls-Olav Nilsen på Mongstad er nøgd med Petroleumstilsynet, men ikkje med at StatoilHydro gjev Dong ein ekstra frist på ei veke.

— For det første fordi dei sender eit brev til Dong før dei får konklusjonen frå Petroleumstilsynet. For det andre er det heilt uakseptabelt at dei får meir tid, fordi dei har halde på med dette sidan mai og ingenting har kome fram, seier han.

Fire månader utan resultat

I Dong Energy, som er eit av Danmarks største energiselskap med ei omsetning på 5,6 milliardar euro (2007), forsikrar dei om at dei tek saka alvorleg.

— Men kvifor har de ikkje klart å kome opp med denne dokumentasjonen, når de har hatt over fire månader på dykk?

— Vi har tatt fatt i underleverandørane og prøvd å presse på for at dei kjem med dokumentasjonen. Men det har vore rett vanskeleg. Vi ønskjer sjølvsagt at våre leverandørar skal leve opp til gjeldande lovgjeving, og vi veit ikkje kvifor det har vore så vanskeleg i denne spesifikke saka, seier pressemedarbeidar Ulrik Frøhlke.

— Men når de ikkje har kome opp med dokumentasjonen, er det då truleg at dei betalar norsk tariffløn?

— Som utgangspunkt stiller vi krav til våre underleverandørar at dei skal følgje gjeldande lovgjeving, seier han.

— Kor viktig er NEM i arbeidet på Mongstad?

— Det er ein viktig entreprenør, og er involvert i arbeidet med kjelen, seier han.