• Vi skulle ta «Midnatsol», men båten kom aldri, seier familien Mason. Mandag kveld drog engelskmennene frå Bergen med «Nordlys».

103 passasjerar let seg ikkje skremme av nestenulykke med «Midnatsol» og vindfulle vêrmeldingar for Stad i dag tidleg.

Flesteparten av passasjerane som drog ut frå Bergen med Hurtigruta i går kveld var engelskmenn, men der var også austerrikarar, sveitsarar, tyskarar og nokre danskar. Resten var nordmenn. 10-12 av passasjerane skal vere med «Nordlys» heilt til Kirkenes og tilbake.

— Vi vil sjå nordlyset. Det er difor vi er her, seier Pamela og Ken Mason. Dei har teke barnebarna James og Abbie ut av skulen heime i Brighton for at dei skal få oppleve nordlyset og «verdas vakraste sjøreise».

— Jau, vi har forstått at det har skjedd noko med «Midnatsol». Vi skulle teke båten klokka 22.30 i går kveld, men vi måtte vere ein dag i Bergen, fortel dei. Dermed fekk dei sjå både Bryggen og Fløyen.

På spørsmål om dei er redde for vinden ved Stad, svarar dei:

— Bør vi det? Nei, vi veit ikkje noko om den norske kysten. Det er første gang vi er i Norge. Dette er eit eventyr for oss, seier bestefar Ken og ser like roleg ut.

KAN BLI FRISKT: Familien Mason med bestemor Pamela, bestefar Ken og barnebarna James og Abbie spelte kort før «Nordlys» la frå kai klokka 22.30 i kveld. Det kan bli ein frisk tur rundt Stad, for det er meldt mykje vind. FOTO: TOR HØVIK