— Eg hadde ikkje trudd det var så gale. Vi har vore klar over at det er ein del manglar, men at det står så dårleg til er urovekkjande, konkluderer fylkesleiar Oddgeir Lunde.

55.000 sjukepleiarar har svart på 14 spørsmål om kvaliteten på helsetenestene. På halvparten av spørsmåla kjem Sogn og Fjordane dårlegast ut. Dette gjeld mellom anna spørsmål om pasientar må leggje seg før dei ønskjer, om dei får hjelp til å ete og drikke, eller om behovet for sosial kontakt og fortruleg samtale blir dekka.

Til Bergens Tidende seier Lunde at bemanningssvikt er viktigaste årsaka til jumboplasseringa. Medan spesialisthelsetenesta langt på veg har greidd å skaffe seg fagkompetansen dei har behov for, heng kommunane etter.

— Solund har sjukepleiarar i berre 34 prosent av dei oppretta stillingane. På den nye sjukeheimen i Førde, er det berre tilsett i halvparten av stillingane, fortel Lunde som døme på kor kritisk situasjonen er. Han meiner kommunane no må vere meir aktive med å få på plass tiltak for å rekruttere til dei mange ledige stillingane.

— Norsk Sykepleierforbund har utført undersøkinga. Kan den då ikkje lett bli avfeia med at det er bukken som er sett til å passe havresekken?

— Det er klart ein fare for det. På den andre sida samsvarar landsresultata godt med andre undersøkingar.

— Også i Hordaland er bemanningssituasjonen for låg, meiner fylkesleiar i Norsk Sjukepleiarforbund, Mary-Anne Golten.

Også her er det sjukeheimane som er verst stilt. På fleire område ligg fylket heilt på botnen av lista.