Sjølv om barnehagane i Bergen merkar mangelen på fagfolk, er problemet større utanfor byen. Med halvparten av barnehagane, har Bergen «berre» 22 prosent av dispensasjonane i Hordaland. (27 dispensasjonar).

Styrar Ingunn Sperrevik i Kuventræ barnehage i Os lyste nyleg ut tre stillingar. Til dei fekk ho to søkjarar, berre ein av dei var førskulelærar.

Då Sperrevik sjølv var ferdig utdanna i 1999, var det nesten umogleg å få jobb.

— Sist vi lyste ut hadde vi ein grei søkjarmasse, men denne gongen var den veldig smal. Det blir vanskelegare og vanskelegare å få tak i kvalifisert personale, særleg til vikariat, seier Sperrevik.

I vekstkommunen Fjell er talet på dispensasjonar dobla det siste året, frå seks til 13.

— Det som har endra seg er at i fjor var det stort sett familiebarnehagane som hadde dispensasjon, medan vi no óg har fått seks dispensasjonar i dei ordinære barnehagane, seier spesialrådgjevar Trond Birkelund i Fjell kommune.

Barnehagesjefen i kommunen, Margun Landro, fortel nøgd at ingen av dei kommunale barnehagane driv med dispensasjon.

— Vi har gjort ein del grep for å sikre rekrutteringa. Vi tilbyr til dømes gratis vidareutdanning på Høgskulen i Bergen, eit samarbeid mellom dei kommunale og private barnehagane, seier ho.

Dei har óg ei ordning der barnehagane kan søkje om prosjektmidlar i kommunen. I tillegg satsar dei på to pedagogar per avdeling, for å lokke folk med eit større fagmiljø på kvar enkelt barnehage, seier Landro.

— Vi har sett at det er spesielt vanskeleg med vikarar, så difor tilset vi vikarar no i fast stilling i Fjell kommune. Det viser seg at det ikkje er noko risiko med det. Vi er framleis i ein oppbyggingsfase, og opnar stadig nye barnehagar, seier ho.

På toppen av det heile har kommunen auka byrjarløna for pedagogiske leiarar med 14.000 kroner, og 4.000 kroner for andre pedagogar.