• Det var ikkje dette vi vart lova på Arbeidarpartiet sitt landsmøte då sjukehusreforma vart vedteken.

Ordførar Bjørn Christensen, Ap, er fortvila over meldinga måndag om at akuttavdelinga ved Voss sjukehus skal leggast ned. Same dagen fekk han mor si lagt inn på sjukehuset med broten lårhals.

— Kvar er det blitt av alle honnørorda som vart servert frå landsmøtet sin talarstol, undrast Vossa-ordføraren.

Leiande personar i partiet stod fram på rekke og rad, og borga for at alt skulle bli så mykje betre om Staten overtok fylkeskommunane sitt ansvar for sjukehusa i landet.

— I staden for demokratisk innsyn er det kome styre av lukka fagmiljø. Vedtak vert fatta langt over hovudet på oss. Avgjerdene har kolossalt mykje å seia for folk, men folkestyret er sett heilt til side. Alle freistnader på å skaffa seg innsyn, blir bryskt avvist, hevdar Christensen.

Han ser ingen gode argument for å redusera fødeavdelinga og legga ned akutten ved Voss sjukehus. Det skrur tida mange tiår attende for Voss og grannebygdene. Og det blir nesten flaut å måtte transportera ein turist eller utanlandsk soldat frå skiløypene til Bergen for å gipsa eit beinbrot.

Feil i rapporten

Direktør Rolf Abrahamsen ved Voss sjukehus har lita tru på at ordføraren neste år måtte ha køyrt mor si til Bergen, til ei lang akutt-kø.

— Rapporten inneheld såpass klare feil at han må reviderast. Med alle fakta på bordet, vil det vera innlysande at det ikkje bør bli noko reduksjon i sjukehustilbodet på Voss, seier Abrahamsen.

Han viser til at produksjonen er høg, kvaliteten er god, kostnadene låge, og klagane på feil er få.

— Vi står for ti posent av produksjonen i Helse Bergen, og bruker berre fem prosent av ressursane. Kva er då poenget med å flytta aktivitetar herifrå? spør direktøren.

Sjukehuset blir likom ikkje eit komplett sjukehus når kirurgane og gynekologane berre skal utføra operasjonar som er avtala på førehand. Akutten høyrer med i miljøet, meiner han.

I rapporten vert det mellom hevda at det kan sparast ein million kroner i året ved å avvikla ei ordning som slett ikkje eksisterer. Abrahamsen vil ta dette opp med Helse Vest ved første høve.

Ordførar Bjørn Christensen har heller ikkje tenkt å sitja med hendene i fanget.

— Dette vil vi ikkje akseptera. Vi sit ikkje stille og ser på at sjukehuset vert nedbygd, seier ordføraren.

I desse dagar er ein i innspurten med byggearbeid ved sjukehuset. I samarbeid med kommunane i området vert det laga eit nytt senter for mottak av akutt skadde. Her får også AMK-sentralen nye lokale.

AKUTT: Ordførar Bjørn Christensen (t.v) og sjukehusdirektør Rolf Abrahamsen gler seg over det interkommunale samarbeidet om nytt mottak for akutt sjuke, og vil kjempa mot nedbygging av Voss sjukehus.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH