Politiet har jobba ut frå at laurdag 25. oktober var siste gong 22 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet blei sett i live. No meiner dei ho kan ha blitt sett ein dag etter det.

Dette var basert på vitne som hadde sett ei dame med hund ved brua i Årøy. No er tidspunktet for observasjonen endra til ettermiddag eller kveld, søndag 26. oktober. Det var Sogn Avis som først meldte om saka.

Vil ha fleire vitne

Regionlensmann Arne Johannessen i Sogndal og Leikanger seier til NRK Sogn og Fjordane at dei ikkje er sikre på at dama med hund er Stegegjerdet. Difor er dei også usikre på kva dette vil ha å seie for etterforskinga.

— Men det me er opptekne av no, er å få sjekka ut denne observasjonen, komme i kontakt med vedkomande person som var der eller eventuelle vitne som kan ha sett denne personen. Det er viktig at dei tek kontakt med oss, seier Johannessen

- Vanskeleg å tidfeste

Han vil ikkje utdjupe kva som er årsaken til at vitnet har endra tidspunktet for observasjonen.

– Å vere vitne er aldri enkelt, det er vanskeleg å tidfesta ting. Men det er dette me no går ut ifrå, seier Johannessen til NRK Sogn og Fjordane.

Veronica Heggheim Stegegjerdet vart meldt sakna 28. oktober. 14. november vart ei død kvinne funne i Barsnesfjorden av ein turgåar. To dagar seinare blei den døde kvinna identifisert som Stegegjerdet.

Narkomiljø

Politiet i Sogndal har rullet opp et lokalt narkotikamiljø under etterforskningen av dødsfallet. Det opplyser lensmann i Sogndal og Leikanger, Arne Johannessen, tilVG.

Johannessen sier at de i kjølvannet av Veronica-saken har opprettet flere narkotikasaker.

– Det er et resultat av den brede etterforskningen og kartleggingen vi har gjort av et bestemt miljø, sier Johannessen.