I tillegg til statsråden heldt Aurlandsordføraren og fylkesordføraren tale, spelemenn frå Vik underheldt, og Einar Midthun frå Vossestrand framførte «Slumpelukka» av den svært så lokale diktaren Per Sivle.

Landet vårt har eit eineståande fjordlandskap. Grønland, New Zealand, Alaska og Chile har også fjordar, men ikkje med busetnad og kulturpåverknad som våre.

Vedtaket om å gje Nærøyfjorden og delar av Aurlandsfjorden landskapsvern, vart gjort i regjeringa 8. november i fjor.

Verneområdet har svært variert geologi. Fem vassdrag er frå før verna mot kraftutbygging. Kjelsfossen (nærare 200 meter fritt fall) og minst 25 andre fossar kastar seg utfor fjellsidene. Området kan by på Sivlefossen og Stalheimsfossen (126 meter) i Nærøydalen, Kjosfossen og Rjoandefossen (140 meter) i Flåmsdalen.

Kulturminna frå høgfjell til fjord, er tallause.

Mot sørvest grensar landskapsvernområdet mot Mjølfjell skytefelt. Dagens øvingsaktivitetar er det teke høgde for i verneforskriftene for landskapsvernområdet. Det same gjeld småskala kommersiell utnytting av den kvite steinen (anortositt) i området. Ein må til månen for å finna større mengder. Men dagbrot kjem ikkje på tale, fjella må utholast innanfrå, og steinen fraktast ut gjennom tunnelmunningar utanfor verneområdet. Grensene er trekt litt krokete for å få dette til.

Området rundt Nærøyfjorden kan i UNESCO-samanheng bli litt vidare enn det landskapsvernområdet som vart opna onsdag. Det strekkjer seg lengre nord— og austover i Sognefjorden, inn i Lærdal kommune (tidlegare Leikanger).

TVERS AV: Miljøvernminister Børge Brende opna landskapsvernområdet med eit effektivt øksehogg. Den fleire hundre år gamle bila har fått nytt skaft sidan Anne Enger Lahnstein knekte det gamle to gonger før ho fekk opna Styvi gardsmuseum på same viset.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH