Fleire bønder i Vik har gått saman om å byggje ein driftsbygning ti gonger større enn den verna steinkyrkja frå mellomalderen. Fellesfjøsen vil kome 75 meter frå kyrkja, og rage 14 meter over bakken. Til samanlikning er kyrkjetårnet på Hove 12 meter høgt.

— Eit slikt bygg vil vere ei så grov skjemming av kyrkja og kyrkjestaden at det ikkje kan foreinast med dei nasjonale kulturminneverdiane. Driftsbygningen vil gjere at kyrkja heilt mister sin monumentale verknad, meiner riksantikvar Nils Marstein.

Unikt kulturmiljø

Riksantikvaren blei orientert om fellesfjøsplanane ved Hove i eit møte med Vik kommune i slutten av januar. Kommunen gav der beskjed om at dei ikkje vil stoppe planane, og at dei går inn for at gardbrukarane får føre opp driftsbygningen.

Dette førte i sin tur til at Riksantikvaren omgåande avgjorde å innføre mellombels vern av området rundt steinkyrkja. I tillegg signaliserte dei at det ville kome framlegg om permanent vern av områda rundt begge dei freda mellomalderkyrkjene. Rundt Hove vil bortimot 200 mål bli freda, medan arealet kring stavkyrkja på Hopperstad er noko mindre.

I tillegg har Riksantikvaren bedt Sogn og Fjordane fylkeskommune setje i gong arbeid for å få freda gravfunna på Moahaugane i Vik. Dette området ligg mellom dei to kyrkjebygga.

Vernestyresmaktene understrekar at Vik er einaste staden i landet der det i dag finst ei mellomalderkyrkje i stein som ligg tett ved ei stavkyrkje. Med dei heidenske gravhaugane mellom kyrkjene, gjer dette området til eit unikt kulturmiljø.

Skal få drive jordbruk

— Vi gjer dette for å vere så forutsigbare som råd. Vi ønskjer ikkje at liknande saker skal kome like langt i planlegginga, før det blir teke omsyn til konflikten med kulturminne som har nasjonal verneverdi, understrekar riksantikvaren.

Det planlagde områdevernet skal ikkje få konsekvensar for den eksisterande landbruksdrifta som skjer tett innpå dei to kyrkjene.

Både steinkyrkja på Hove og stavkyrkja på Hopperstad er automatisk freda som kulturminne frå mellomalderen. Dei to kyrkjene er rekna mellom dei mest verneverdige i heile landet. Steinkyrkja, som truleg blei bygt som ei gardskyrkje for Hovegarden, er mellom kyrkjene som er best teke vare på frå romansk mellomalder. Hopperstad er ei av 28 stavkyrkjer, og spesielt kjend for sitt originale interiør.