— Vi er sjølvsagt skuffa. Men vi kan vel ikkje gjere anna enn å innrette oss etter storsamfunnet, seier Jakob Hammer, ein av grunneigarane som no må innsjå at kampen deira for å få lov til å byggje ut vassdraget enda med avslag seks år etter at dei søkte om utbygging.

Olje- og energidepartementet har lagt avgjerande vekt på at Tvinna kraftverk vil ha store negative konsekvensar for landskapselement som har stor verdi for friluftsliv og turisme:

— Tvinna utgjer eit viktig landskapselement, og ei utbygging vil vere negativt for det heilskaplege inntrykket av fjordlandskapet.

Slo seg i hel

Fossen ved Randabygda på nordsida av Nordfjorden skal vere den einaste i Nord-Europa der ein ferdselsveg går bak fallet. Både folk og dyr gjekk vegen bak fossen, og i den bratte solvende lia ned mot fjorden dyrka dei frukt og plukka nøter.

Men vegen er ikkje ufarleg, og ikkje utan grunn er det er sett opp skilt med teksten "Ferdsel under fossen på eige ansvar". Soga veit å fortelje at i alle fall to menn har falle utfor og slege seg i hel.

Påliteleg inntekt

I mai 2007 søkte Småkraft om løyve til å byggje kraftverk i fossen. Selskapet samarbeidde med sju grunneigarar i området. Bøndene skulle leige vekk fallrettane til utbyggjaren, og få utbyte etter kor mange fallmeter dei eigde. Småkraft kalkulerte med eit årleg utbyte på 1,8 millionar kroner. Halvparten skulle tilfalle gardsbruka med fallrettar. Etter 40 år kunne grunneigarane kjøpe kraftverket tilbake.

doc5ylr6kmbc05ab60zcey.jpg
BERGENS TIDENDE

— For dei med flest fallmeter hadde det blitt inntekter på over 100.000 kroner i året, seier Hammer.

— Kor viktig ville desse inntektene vore for å sikre busetnaden og få unge til å ta over bruka i Randabygda?

— For oss som eig fallrettane såg vi det som eit svært viktig bidrag til den ordinære gardsdrifta. Det ville vore ei relativt påliteleg inntekt utan å fordre den heilt store arbeidsinnsatsen.

Særpreg

Departementet viser til at sjølv om Tvinna kraftverk vil gje positive verknader gjennom auka kraftproduksjon og lokal verdiskaping, samt medverke til å halde oppe lokal busetnad og verdiskaping, er desse føremonene ikkje nok til å vege opp for ulempene.

"Tvinna med Tvinnafossen og Trollfossen er mellom det mest dominerande i fossefjordlandskapet i regionen. Ved å sjå Tvinnafossens landskapsverdi, både åleine og i samanheng med anna eksisterande og planlagd vasskraftutbygging, meiner departementet at ei utbygging kan svekkje særpreget i regionen. Det vil også vere negativt for det heilskaplege inntrykket av fjordlandskapet."

Omstridd

Utbyggingsplanane for Tvinna var sterkt omstridde. Politikarane i Stryn kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sa ja, men Fylkesmannen sa nei. Ulike verneorganisasjonar gjekk sterkt ut mot planane.

— Dette fossefallet er unikt, sa Eivind Skjerven, tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Turlag, då han ein vårdag for fem år sidan viste Bergens Tidende vegen bak fossefallet.

No er han glad for utfallet.

— Det er slikt som Tvinna som skapar naturopplevingar, og vi må kunne sjå oss råd til å ta vare på noko som gjer godt for auge og sinn. Når eg no ser resultatet, var det verd å føre kampen.