— Det er dumskap å satse på fyllingar, meiner Bellonas styreleiar Olaf Brastad.

— Vi har kjempa lenge for dette deponiforbodet. Å leggje inn ressursar i moderne deponi, det er å gå baklengs inn i fuglekassa. Det er gammalmodig miljøpolitikk, seier Braastad.

Han samanliknar eit deponi med ein kjemisk fabrikk utan prosesskontroll, som berre bør bli brukt i unntak. Dermed er forbrenningsomnen å føretrekkje framfor deponi.

Biogass til bussen

Men håpet er at vestlendingane skal bli flinkare til å sortere ut matavfallet. Som stort sett består av vatn.

— Det bør bli til biogass. Folk i Hordaland bør snarast slutte å brenne vatn, seier Brastad.

Det kan bli resultatet når Bergen får eige biogass-anlegg for storhushaldningar. Ifølgje informasjonssjef i BIR, Kjersti Kildahl, kan eit slikt anlegg stå ferdig i 2010. Kanskje blir det etter kvart også for privathushaldningar.

— Det fine med biogass er at vi kan fylle den på Tide-bussane. Fredrikstad ligg føre oss i løypa, og vi kan lære av dei.

- Går i null

Fram til den tid har matavfallet det betre i omnen enn på fyllinga, meiner Kildahl.

— Dette handlar om å ta vare på ressursane. Vi får utnytta restavfallet til å lage fjernvarme, seier informasjonssjefen.

Ho tilbakeviser påstandane frå Kåre Flatlandsmo i Indre Hordaland Miljøverk om at BIR er meir oppteken av å tene pengar enn av miljøet.

— Når det gjeld hushaldningsavfall, går reknestykket i null. Formuleringane til Flatlandsmo får stå for hans eiga rekning. For framtida er det BIR som er på linje med ønska frå styresmaktene, seier Kildahl.