Saue— og geitebonden tek oss med til eit hus med villmarkspanel og torvtak ved Hjelledøla i Stryn. I den veldige duren frå elva må du nær bygget for å høyre lyden av turbinen som går rundt i rasande fart og lagar kraft.

Her har han og naboane bygt sitt eige småkraftverk. Frå eit inntak ein kilometer lenger oppe i elva, blir vatnet ført inn i Hjelledøla kraftverk.

— Du skal vere svært godt lokalkjend for å sjå at det er gjort noko inngrep som helst, seier Folven.

Stryningen var sentral i aksjonen Berg Breheimen som mange meiner var heilt avgjerande då Stortinget på 90-talet sa nei til kraftutbygging på Strynefjellet. No har han sjokkert mange av sine frendar frå den tida med å ta til orde for at han kan akseptere ei utbygging frå Tystigen og nedover, det som i Stryn blir kalla for høgfallet. Sjølv meiner han at han ikkje har skifta standpunkt.

— Nei, også i Berg Breheimen sa vi at vi kunne godta ei utbygging i høgfallet.

No kastar bonden frå Hjelledalen inn ein ny brannfakkel. Han ser ikkje noko grunn til at det ikkje skal bli utbygging i den omstridde elva Tvinna.

— No kjenner eg ikkje planane i detalj. Men sommardagen er vassføringa så liten at du knapt ser fossen. Eg kan ikkje med min beste vilje forstå kva som er så gale med ei moderat utbygging.

I Hjelledalen gjekk 20 grunneigarar saman og bygde ut småkraftverket sjølv. Økonomisk har det gått slik dei såg føre seg. Straumproduksjonen gjev gode tilskot til gardsdrifta.

Denne type kraftutbygging har Folven stor sans for:

— Slike utbyggingar som dette, der det blir brukt sunn fornuft, må gå an. Og eg meiner grunneigarane helst må stå for utbygginga sjølv.

— Blei det vurdert å la andre byggje ut?

— Vi hadde eit møte med eit firma, men brukte ikkje lang tid på å bestemme oss for å gjere jobben sjølv. Selskap som byggjer ut kraft gjer det ikkje for vere snille, dei gjer det for å tene pengar.

Øystein Torheim