Det er lærdommen for eit ektepar i Sveio som gjekk rettens veg for å få prisavslag etter eit huskjøp våren 2000. Det oppussa huset frå 1950-åra blei kjøpt for 850.000 kroner.

Huskjøparane følte seg lurte då dei etter innflyttinga oppdaga mus i kjøkenbenken og hattehylla, tussalus eller skrukkedyr i kjellarstova, sukkermaur mellom stova og terrassen, og illeluktande brunt vatn i brunnen.

Sunnhordland tingrett gir saksøkjarane medhald i at seljarane før kontraktsigneringa burde opplyst betre om dyr— og insektplaga. Men det gir likevel ikkje grunnlag for prisavslag, konkluderer retten. Mus på kjøkenet er ingen mangel ved eigedommen, og innsekt må påreknast i eit tilårskome hus, heiter det i dommen.

Vatn derimot...

Derimot får Sveio-paret 100.000 kroner i avslag på eigedomshandelen fordi den private brunnen ikkje gir tilfredsstillande vasskvalitet. Det må byggjast ein ny djupvassbrunn for å hindra tilsig frå naboeigedommen, som er eit gardsbruk. Husseljarane må også betala kjøparane sine sakskostnader med 40.000 kroner.

Sunnhordland tingrett meiner at seljarane gav urette opplysningar om vasskvaliteten før kontraktsignering. Dei hevda vatnet var i orden. Men straks etter innflytting blei dei nye eigarane gjort merksame på vassproblema av ein nabo. Og dei merka vond smak og lukt og misfarging av vatnet.

Ikkje som i byen

Brunnen ligg inntil ein jordbrukseigedom som kvar sommar blir gjødsla med møk.

Seljarane sin advokat sa i retten at dei saksøkte ikkje hadde garantert for vasskvaliteten.

Forbigåande problem med vatnet blei av saksøkte forklart med overgjødsling og eit sprengingsuhell i nærleiken. Advokaten meinte at vasskvaliteten på landet ikkje kan samanliknast med vasskvaliteten i byen, og at kjøparane burde ta omsyn til det når dei kjøpte hus med privat brunn i eit jordbruksområde.